Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Søk arrangementsstøtte for hausten!

Arrangementstøtte hausten 2018 vil gå til søknadar som inneheld utprøving av konseptet Makerspace.

I Handlingsprogram for kultur 2018 er det sett av 200.000 kroner til arrangementstøtte i biblioteka med søknadsfrist 1. april og 1. september. Alle folkebibliotek i fylket kan søke arrangementstøtte. Det kan søkast støtte på inntil 15.000 kroner pr. bibliotek. Dersom fleire bibliotek samarbeider om ein søknad kan ein søke om inntil 15.000 kroner pr bibliotek. Det er krav om eigendel, tilskotet skal normalt ikkje overskride 50% av totalbudsjettet. Arrangementstøtte hausten 2018 vil gå til søknadar som inneheld utprøving av konseptet Makerspace.

Det kan søkast støtte til dekning av biblioteket sine brutto utgifter til medverkande profesjonelle utøvarar (honorar, reiseutg., og liknande.). Nytt i denne utlysinga er at det kan søkast støtte til innkjøp av utstyr/materiale til Makerspace-arrangement, men ikkje til inventar og litteratur. Det er ønskeleg med ein enkel framdriftsplan/tidsperspektiv på konseptet, og gjerne ein arrangementserie i eige bibliotek eller i samarbeid med fleire bibliotek. Makerspace-konseptet kan brukast på mange ulike interessefelt, t.d.:

  • Ulike former for hobby (foto, formingsaktivitetar (søm, hekling, trearbeid m.m.), gamle handverktradisjonar, osv.)
  • Teknologi (koding, konstruksjonar, LEGO League https://hjernekraft.org/ )
  • Skriveverkstad
  • Lokalhistorie og slektsforsking: workshops, deling av minner, gamle bilder, samle dialektord, m.m.
  • Bruke litteratur som utgangspunkt for skapande aktivitetar

Her er det kun fantasien som set grenser, så det er berre å sprudle idéar om gode arrangement! Eit nøkkelord for makerspace er at publikum deltar aktivt i arrangementet og skapar noko saman. Det vert viktig med samarbeid med lokale ildsjeler, lag og organisasjonar som sit på kompetanse ein kan bruke, eller som har ønske om kompetanse dei gjerne vil ha tilbod om.

Søknaden må ha eit konkret innhald, målgruppe, samarbeidspartar og gjennomføring, namn på føredragshaldar/utøvar. Det er viktig å lese retningslinjene godt. Ta gjerne kontakt om noko er uklart eller de treng hjelp med søknaden.  

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du her: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/OEkonomisk-stoette/Bibliotek/Arrangementsstoette-til-biblioteka

NB! Vi vil også opplyse om at det i løpet av juni vil kome ei utlysing på regionalforvaltning.no når det gjeld utvikling av pilotprosjekt på Makerspaceområdet. Dette er større prosjekt der ein ønsker pilotbibliotek. De vil motta eigen e-post om dette når utlysinga er klar.