Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Bibliotekprisen 2018 til Bjørg Moltu!

Bibliotekprisen 2018 til Bjørg Moltu!

Norsk bibliotekforening avdeling Møre og Romsdal delte 5. september ut Bibliotekprisen for Møre og Romsdal 2018 under årsmøtet sitt. Vinnaren vart Bjørg Moltu, biblioteksjef i Stordal kommune.

Biblioteksjef Bjørg Moltu, Stordal. (foto: Siri Beate Gellein)

Bibliotekprisen er ein prestisjefull pris som vert delt ut annakvart år til ein person, institusjon eller organisasjon som har utvikla, synleggjort eller på anna måte fremja biblioteka og arbeidet deira i fylket på ein spesielt god måte. Resultat, aktivitetar, nytenking og synleggjering vert spesielt vektlagt. 

Bjørg Moltu har i lang tid vore eit døme til etterfylging i bibliotekverda på kva ein kan få til med nytenking, samarbeid og små midlar. Ho er tydeleg engasjert i arbeidet sitt, i formidling, i kommunen sin og for at folk skal trivast og ha det bra der dei bur.
Det skortar ikkje på prosjekt og vilje hjå Bjørg. M.a. har ho ved fleire høve synt at «vi leikar ikkje utkledning» – temafestar, karneval og formidling er noko ho tek på høgste alvor. Engasjementet for formidling syner seg i alt frå den lokale revyen til dramatiseringar av eventyr og bøker. Eit godt døme er «Stubbedikt», som var ein del av prosjektet «Biblioteket i farta», der folk i bygda fekk vere med på fjellturar samstundes som dei fekk dikt på vegen, gjerne medan ein sat på ein stubbe. Her vart det henta inn diktlesarar, ofte folk som ikkje var frå bygda. Prosjektet var eit samarbeid mellom Mental Helse, Nasjonalbiblioteket og Møre og Romsdal fylkesbibliotek.

Engasjementet har dessutan vart lenge. For om lag eit tiår sidan laga Bjørg og hennar kollega i kultur eit fleirbruksmøbel til bruk i biblioteket. Her var òg mannen til Bjørg delaktig som teiknar. Møbelet var eit lite amfi med 30 sitjeplassar som kunne slåast saman og nyttast til andre ting. Dette var i ei tid lenge før møteplass og debattarena vart aktuelle omgrep. Diverre vart det ikkje til at møbelet vart masseprodusert, likevel er det liten tvil om at dette er nok eit godt døme på kreativiteten og vilja Bjørg huser.

Bjørg er dessutan ikkje redd for å uttrykke meiningane sine. Både som politikar og biblioteksjef har ho gått inn i oppildna debattar om den føreståande kommunesamanslåinga, og er soleis ei inspirasjonskjelde for dei mange biblioteka som fryktar desse usikre tidene der ein plutseleg kan forsvinne i dragsuget.

Med andre ord er det eit kreativt, engasjert, førebiletleg, inspirerande og omsorgsfullt menneske som får Bibliotekprisen i år. Det er på grunn av eldsjeler som Bjørg at vi framleis har levande bygder her i landet, som gjer at folk vil byggje og bu, og aller mest; at dei vil bli.

(Torgeir Brun, NBF Møre og Romsdal)