Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Biblioteksjefmøtet 2018 til Ulsteinvik

Biblioteksjefmøtet 2018 til Ulsteinvik

Korleis blir biblioteket ein betre arrangør? Og korleis kan vi framsnakke biblioteket? Dette er mellom tema som blir tatt opp på samlinga 21.-22. mars.

Arrangement i nye Ulsteinvik bibliotek. Foto: Svein Arne Orvik / Ulstein kommune

Velkommen til biblioteksjefmøtet 2018!

21. og 22. mars inviterer vi til to dagar med viktig fagleg påfyll og sosialt samvær med gode kollegaer. Biblioteksjefmøtet er i år lagt til Ulsteinvik, i høve det nye biblioteket der. Her er nokre smakebitar frå årets program, meir kjem etterkvart:

 

21. mars: Sett ord på kor viktig biblioteket er

Ein dag om påverknad, marknadsføring og lobbyverksemd. Korleis kan ein snakke til ein politikar slik at han eller ho forstår kor viktig det er med eit godt bibliotektilbod? Korleis nå ut til publikum og til presse? Og korleis måler vi verdien av et bibliotek?

Sunniva Evjen frå OsloMet – storbyuniversitetet kjem til Ulsteinvik for å snakke om biblioteket i et samfunnsmessig perspektiv, og om å sette verdi på biblioteket. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag og har skrive doktoravhandlinga: «Placing the public library – a comparative analysis of political perceptions».

Dagen avsluttast med kulturelt innslag og middag.

 

22. mars: Hjelp, eg har blitt arrangør!

I januar kom programkatalogen for våren i Bergen offentlige bibliotek. Den er på 116 sider! Korleis klarer dei å programmere lang tid framover, korleis utnyttar dei lokale ressursar og korleis finansierer dei alt saman? Programansvarleg Charlotte Myrbråten kjem til biblioteksjefmøtet for å fortelle om arbeidet sitt.

Frå Kristiansand folkebibliotek kjem biblioteksjef Anne Kristin Undlien for å snakke om korleis dei har handtert kontroversielle saker i biblioteket, som da den innvandringskritiske organisasjonen SIAN ville halde debattmøte i biblioteket.

Påmeldingsfrist er 5. mars.

Biblioteksjefsmøte 2018
Påmeldingsfrist: 08.03.2018