Bli ein superbrukar på nettet!
Effektiv Google-søking m.m. og kjeldekritikk på nett: kurs i Molde og Ålesund 30.-31. januar. Lasse Christensen frå Bærum bibliotek kjem og oppdaterer oss på informasjonssøking på nettet
Bærum bibliotek har gjort eit stort og grundig arbeid med utviklinga av Nettguiden sin: http://barum.folkebibl.no/nettguide/
Lasse Christensen vil halde eit kurs med praktiske øvingar undervegs.
Programskisse for kurset:
1. Bli ein superbrukar - effektiv googlesøking. Kortare innleiing og oppgåver/øvingar for å bli kjent med finessane i Google
2. Alternativ til Google
3. Falske nyheiter og kjeldekritikk
4. Søk etter vitskapleg informasjon. Kva bør ein bibliotekar i eit folkebibliotek kunne? Meir om det å finne dei rette søkeorda
Før kurset bør deltakarane sjå på dette: : http://barum.folkebibl.no/nettguide/effektiv-soking-i-google/
Det vert kurs i Molde 30. januar, og 31. januar i Ålesund. Gå hit for å melde deg på: https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/Fylkesbiblioteket/Kalender-fylkesbiblioteket/Bli-ein-superbrukar-effektiv-Google-soeking-kjeldekritikk-og-vitskaplege-dokument
Oppdatert: 19.12.17