Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

One Marthe Jostad Vik One Marthe Jostad Vik
Bibliotekrådgivar
71 28 05 07
Send e-post

Bokbåten Epos i 2018

2018 er snart forbi, og bokbåten Epos har som vanleg hatt to turar dette året. 

Bokbåten Epos til kai på Kjørsvikbugen (februar 2017)

Dette året hadde vi tilsaman 121 stopp. Med oss som kulturar hadde vi Line Møller-Christensen og Trond Magnum på vinterturen, og Camilla Kuhn og Karen Høie på haustturen. Kulturane har som vanleg sørga for ei flott forestilling om bord, og mange av dei besøkande fekk gleden av å sjå dei. Totalt var det 3 704 besøkande ombord i 2018. 2 861 av dei besøkande var barn.

Talet på direkte utlån frå båten var 11 606. Dei offisielle utlånstala frå bokbåttenesta vil i 2018 vere 14 237, fordi utlånstala for barnebøker er administrativt tillagt 25% for å fange opp meirbruken som skjer mellom dei to bokbåtbesøka.

I skrivande stund gjer vi oss klar for vinterturen 2019. Meir informasjon om turen kjem etterkvart på www.bokbaten.no