Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Åshild Widerøe
Rådgivar
71 28 05 02
Send e-post

Bokbadkurs 13. og 14. mai 2019

Møre og Romsdal fylkeskommune ved fylkesbiblioteket inviterer bibliotektilsette til Bokbadkurs måndag 13. mai i Ålesund og tysdag 14. mai i Molde. Invitasjonen går ut til folkebiblioteka, biblioteka på dei vidaregåande skulane og fagbiblioteka i fylket.

Kursleiar Elisabeth Kjensli Johansen

Litteratur og formidling, eitt av satsingsområda i fagplan bibliotek 2017–2020

Biblioteka er landets største og viktigaste formidlar av skjønnlitteratur og lesing, og det finst mange ulike formidlingstiltak rundt om i biblioteka i dag. Likevel er det eit utviklingspotensiale på dette området. Møre og Romsdal fylkeskommune har i Fagplan bibliotek fastsett at å heve kompetansen innan arrangørverksemd er ein av prioriterte oppgåver i inneverande planperiode. Bokbadkurs – kurs i å halde bokbad – er eitt konkret tiltak for å imøtekome dette.

Bokbadkurset er meint å skulle inspirere til gode forfattararrangement, å oppfordre til å bokbade forfattarar, samt å lære seg nokre teknikkar for bokbad. Deltakarane vil også få høyre om korleis ein best får tak i forfattarar, korleis ein lagar gode rammer rundt arrangementet, marknadsføringsarbeid og kva for spørsmål ein kan stille.

Kursleiar er Elisabeth Kjensli Johansen, til dagleg tilsett i Nes bibliotek som formidlar til barn og vaksne. Ho har halde svært mange bokbad heilt sidan 2005, og i tillegg til bokbad i eige bibliotek reiser ho rundt med forfattarar til andre bibliotek.

Brit Bildøen

Forfattar Brit Bildøen skal bli bokbada om boka Tre vegar til havet. For gjennomføringa av kurset er det viktig at alle deltakarar har lese boka før kurset tar til. I løpet av dagen får deltakarane også høyre om Møre og Romsdal forfattarlag si verksemd.

Vi håpar mange bibliotektilsette ønskjer å vere med denne dagen. For at vi skal gjennomføre begge kursa må det vere minimum 15 deltakarar på ein stad. Viss det blir færre påmelde på ein stad, blir kurset lagt til der det er flest påmelde.

 Velkomen!

Måndag 13. mai på Scandic Hotel Ålesund

Tysdag 14. mai på Scandic Hotel Alexandra Molde

 Pris: kr 1 000 inkl. lunsj. Påmeldingsfrist: fredag 12. april.

Program og påmeldingsskjema finn de her