Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Løysing for e-lydbøker i folkebiblioteka

Etter samtalar med Forleggerforeningen kan Nasjonalbiblioteket no legge fram ein kjøps- og utlånsmodell for e-lydbøker i bibliotek. Dette inneber at norske folkebibliotek snart vil kunne låne ut digitale lydbøker til sine brukarar. 

E-lydbøker har lenge vore etterspurt av både bibliotek og bibliotekbrukarar. Fram til no har biblioteka berre unntaksvis hatt moglegheit til å tilby dette, fordi forlaga har vore tilbakehaldne med å selge digitale lydbøker til utlån i bibliotek. I dag kom Nasjonalbiblioteket med ei pressemelding der dei kjem med anbefaling til ein modell for utlån av digitale lydbøker i folkebibliotek. Heile pressemeldinga og anbefaling til modell for utlån kan ein lese her.