Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Endeleg på plass i nye lokale

Etter nokre veker heilt utan bibliotek, kan alle på Smøla no glede seg over at det flotte, nye kombinasjonsbiblioteket opnar dørene for publikum. Det skjer fredag 1. september, på den nasjonale bibliotekdagen.

Det har vore ei periode med intens jobbing for å få alt på plass, og i løpet av dei siste månedane er fleire tusen bøker sortert, pakka ned, flytta, pakka opp, sortert på nytt og sett på plass i hyllene. Saman med bibliotekmedarbeidar Malin Jeanett Strømhaug har biblioteksjef Heidi Lura jobba seg gjennom samlingane både på Straumen og Hopen, og kombinasjonsbiblioteket har no fått ei oppdatert og god boksamling. Denne skal dekke behova både som folkebibliotek og som skolebibliotek.

Biblioteket er lyst, luftig og lekkert. Nye møblar, hyller og andre gode løysingar er på plass. Dette er med på å skape eit inviterande bibliotekmiljø, kor biblioteksjefen har tru på at alle skal føle seg heime. Skoleelevane har allereie begynt å ta i bruk biblioteket, noko som gleder biblioteksjefen stort.  Midtpunktet i biblioteket er ei rund hylle med sitteputer på baksida, der det kan være kjekt å ha lesestunder eller å gøyme seg litt bort. Eit av dei andre høgdepunkta er kunstverket «Bit for bit» av Nirmal Dhunsi, som dekker den største veggen i lokalet.

Opningstidene i det nye biblioteket blir ikkje heilt lik det som tidligare har vore vanleg på Smøla. Biblioteket vert meirope, som skil mellom betent og ubetent opningstid. Ein sjølvbetjeningsautomat er installert og klar til bruk, ein teknologi som gjer det mogleg å ha ope sjølv om bibliotekaren ikkje er til stades.

Det er ein tydeleg stolt biblioteksjef som no gleder seg til å ta imot besøk. 1. september er alle invitert til biblioteket klokka 11.00, der det blir opning med kake, kaffe og mingling i biblioteket. 

Fylkesbiblioteket gratulerer Smøla bibliotek med nye lokale, og ønsker lykke til på opningsdagen!