Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Inspirasjonssamling for leseombod

Inspirasjonssamling for leseombod

Tysdag 18. september var 38 leseombod og -kontaktar samla på Vestnes fjordhotell til ein dag med påfyll og inspirasjon.

Vi hadde denne gongen med to inspiratorar, Kari Bolette Kjølberg Lundal og Ellen Wisløff. Begge fekk svært gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

Kari Bolette Kjølberg Lundal har tidlegare vore barnebibliotekar ved Stord folkebibliotek og har erfaring som leseombod. Formidlaren si oppgåve er at tilhøyrarane skal bli berørt og oppleve eit felleskap, meiner ho. Lundal ga mange tips om litteratur og ulike teknikkar som kan brukast.

Ellen Wisløff er tidlegare redaktør i KK og starta i 2014 Instagramkontoen @renpoesi. Ho har gitt ut fire antologiar med favorittdikt derifrå. Ho delte av eigne erfaringar, og snakka elles om korleis vi kan bruke poesi i arbeidet.

22 av 36 kommunar i Møre og Romsdal er i dag med i Leseombodsordninga og det er folkebiblioteka som organiserer dette i kommunen. Kunne du tenke deg å blir leseombod, så ta kontakt med ditt lokale bibliotek.

NRK Møre og Romsdal hadde eit fint innslag om Leseombodordninga i fylket på kveldssendinga.

Leseombodsordninga

Bok til alle-biblioteka organiserer eit unikt tilbod til folk som av ulike grunnar ikkje kan lese sjølve. Eldre med demens, menneske med utviklingshemming, blinde og svaksynte, folk med anna morsmål osv.,  kan ha stor glede av regelmessig besøk av eit leseombod, anten dei bur heime eller på institusjon. Leseomboda kan vere tilsette ved ein institusjon som les for bebuarane i arbeidstida si, men for det meste er det frivillige som tek på seg oppgåva å lese for andre på fritida si.

Meir informasjon om Leser søker bok:  http://lesersokerbok.no/om-oss/