Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Kristiansund-elev delte ut Ungdommens Kritikerpris

Kristiansund-elev delte ut Ungdommens Kritikerpris

Demian Vitanza fekk Ungdommens kritikerpris 2018 for romanen Dette livet eller det neste. Elevar frå Kristiansund vidaregåande skule var med i årets jury.

Demian Vitanza fekk av Ungdommens Kritikerpris 2018. Foto: Jannicke Røgler, Foreningen Les!

Sju juryklasser i vidaregåande skule har dei siste fire månadene lest og diskutert åtte norske skjønnlitterære bøker frå 2017. Onsdag 14. mars kåra elevane Demian Vitanza til vinnar av Ungdommens kritikerpris 2018. Det var ein tydeleg stolt vinnar som møtte opp på Sentralen i Oslo med juryklasser og forfattarar til stade i salen.
- Wow, tusen tusen takk, dette var utruleg rørande. Eg blir glad og håpefull når de har stemt på denne boka. Han (hovedpersonen) var på dykkar alder då det sklei ut. Dette er rørande og viktig, for eg trur de vil sjå desse menneska, seier Demian Vitanza.

 Aleksander Mittet frå Kristiansund vidaregåande skule og Kristine Fjellkårstad Orten frå Lillestrøm vidaregåande skule delte ut prisen på vegner av juryen. I grunngjevinga heiter det mellom anna:

«Vi mener at dette er en utrolig viktig bok, både på grunn av temaene den belyser, men også på grunn av den nye vinklingen vi får. Boken gir et innblikk i hvordan en ung gutt formes av samfunnet, kulturen og religionen som omgir ham. […] Selv om den fokuserer mye på forståelse og går i dybden på kompliserte tema og hendelser er den lettlest. Det synes vi er imponerende. Alle lesere ble inkludert i opplevelsen av boken.»  

 - Årets vinnar har engasjert alle typar lesarar. Juryen seier det er ei lettlest og kompleks bok som speglar nokre av vår tids store spørsmål. Dette er ei gåve til norsklærarar, bibliotekarar og andre formidlarar. Sjeldan har vi sett at ei bok engasjerer så mange, så sterkt, seier prosjektansvarlig i Foreningen !les, Bjarte Bakken.

Prisen er i regi av Foreningen Les!

Dei nominerte:

Demian Vitanza: Dette livet eller det neste (Aschehoug)

Therese Tungen: Ein gong var dei ulvar (Aschehoug)

Olaug Nilssen: Tung tids tale (Samlaget)

Jan Kjærstad: Berge (Aschehoug)
Erlend O. Nødtvedt: Vestlandet (Aschehoug)

Øyvind Rimbereid: Lenis plassar (Gyldendal)

Lotta Elstad: Jeg nekter å tenke (Flamme)

Aina Villanger: Baugeids bok (Oktober)

Nominasjonsjuryen har bestått av litteraturkritikerne Eivind Myklebust, Birgitte Bjørnøy og Kristian Wikborg Wiese.

 

Årets juryklasser:
Akershus: Lillestrøm vgs. (STA)

Finnmark: Alta vgs. (Musikk og drama)

Møre og Romsdal: Kristiansund vgs. (TAF)

Oslo: Oslo By Steinerskole (Humanist, litteratur fordypning)

Sør-Trøndelag: Rissa vgs. (ST)

Telemark: Kragerø vgs. (Idrett)

Vest-Agder: Kristiansand Katedralskole Gimle (STF)