Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Lesersørvis har kome til Møre og Romsdal

Lesersørvis har kome til Møre og Romsdal

Kva gjer du når lånaren spør om du kan anbefale ei god bok? Dette er alltid ei spanande utfordring for tilsette i folkebiblioteka. For alle lesarar liker ikkje det same – korleis finn dei då den rette boka til kvar einskild? 

Madelen Ramsøy var kurshaldar på første samlinga i Lesesørvis i Ulsteinvik. 

Lesersørvis er ein formidlingsmetode som opphaveleg kjem frå USA, og er utvikla for norske forhold av fylkesbiblioteket i Telemark. Den handlar om å finne kva sider ved bøkene som har appell til dei ulike lånarane, og finne parallellar til andre titlar. Fylkesbiblioteket i Telemark har halde kurs for rådgivarar i andre fylke, og no spreier dei metoden vidare til folkebiblioteka, mellom anna i Møre og Romsdal.

31. oktober gjekk startskotet for Lesersørvis i fylket. Fyste samling var i Ulsteinvik, der folkebiblioteka i Herøy, Hareid, Sande og Ulstein var med på ein workshop over to dagar.

Frå fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal er det Bjørn Vatne og Madelen Ramsøy som held kurs. Fyste samling såg ut til å gi meirsmak: –Det var en positiv og aktiv gjeng vi møtte i Ulsteinvik, som alle kjenner på behovet for meir kompetanse på området. Vi trur deltakarane fekk mykje ut av dagane, og vi er spent på å sjå dette i bruk ute i biblioteka, seier Vatne og Ramsøy.

Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen seier at auka kompetanse på formidling er eitt av satsingsområda i den nye fagplanen for biblioteka i Møre og Romsdal, som nyleg er vedteke i Fylkestinget.

– Det er fort gjort å tenke at formidling berre skjer gjennom utstillingar og arrangement, men ein til ein-samtalen med ein lånar er kanskje den viktigaste forma, og den som stimulerer lesegleda aller mest, seier ho.

Vanja Øyrås skriv følgjande i boka «Lesersørvis», som nyleg er gitt ut:

«Tradisjonelt sett har bibliotek og bibliotekarer vært mer opptatt av tilgjengeliggjøring og tilgang til kunnskap enn formidlingen av den. Dette har gradvis endret seg. Etter den nye bibliotekloven fra 2014 er bibliotekenes oppgave ikke bare «å stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet», men det skal skje gjennom aktiv formidling. Med en slik endring i bibliotekenes formålsparagraf oppstår et behov for å strukturere  og profesjonalisere rolla som formidler. Det krever metode, og det krever verktøy.»