Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Møre og Romsdal er eitt av fem fylke som skal prøve ut Biblioteksøk

Møre og Romsdal er eitt av fem fylke som skal prøve ut Biblioteksøk

Biblioteksøk er ei teneste frå Nasjonalbiblioteket som skal gi brukarar over heile landet tilgang til samlingane i alle norske bibliotek. Frå 29. mai vert første versjon av tenesta testa ut i prøvdrift i 5 fylke.

Her skal både publikum og bibliotek kunne finne materiale og bestille det til sitt næraste bibliotek. Meir informasjon om tenesta finn du her: https://bibliotekutvikling.no/ressurser/biblioteksok/

Biblioteksøk finn du her: https://bibsok.no

Tenesta inneheld trykte bøker, lydbøker og film, men vil ikkje innehalde e-bøker, tidsskrift og artiklar. Alle folkebiblioteka, universitets- og høgskolebiblioteka og mange vidaregåande skolar vil vere med i Biblioteksøk.

Nasjonalbiblioteket ønsker utprøving og tilbakemeldingar på tenesta. Det er difor svært viktig at biblioteka prøver ut tenesta med fjernlånsbestillingar, og oppmodar brukarane sine til å ta det i bruk. Det er NO høvet er der til å påverke den endelege utforminga av Biblioteksøk! Tilbakemeldingar sendast Nasjonalbiblioteket på epost bibsok@nb.no. Nasjonalbiblioteket er særskilt oppteken av korleis dei innlagte lånevegane fungerer.

Møre og Romsdal har her ein unik sjanse til å kome med innspel!