Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nordisk bibliotekuke 2017

13.-19. november arrangerast Nordisk bibliotekuke 2017 i regi av Foreningen Norden

Dette er eit årleg arrangement i bibliotek, skolar og barnehagar i alle dei nordiske landa, inkludert Baltikum. Formålet er å spre høgtlesing, leseglede og nordisk litteratur i Norden og omkringliggande land. Nordisk bibliotekuke består av to hovudarrangement: Morgengry: høgtlesingsstund for barn og unge kl 9 på morgonen, og Skumringstime: høgtlesingsstund for vaksne kl 19 om kvelden. 

I år er tema for arrangementet Øyer i Norden. Det årlege temaet brukast som eit samlande punkt for dei utvalgte høgtlesingsbøkene, og vil prege ulike aktivitetar og arrangement. I samband med Finlands 100-års jubileum i 2017 ønsker Nordisk bibliotekuke å løfte fram den finske litteraturen, og dei utvalgte høgtlesingsbøkene i år er difor alle skrivne av finske forfattarar.

Det er gratis for biblioteka å delta på dette, registrering og meir informasjon finn de her: http://bibliotek.org/no/. Ved å registrere seg vil ein få tilsendt diverse materiale.

Fylkesbiblioteket oppmodar folkebiblioteka til å delta!

Foto: Jacob Mellåker