Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ny modell for e-bokutlån

Bokbasen Bibliotek er namnet på den nye plattforma som norske bibliotek kan  nytte for å administrere e-bøkene.

Frå 1. januar 2018 trer ein ny lisensmodell for e-bokutlån i kraft, etter anbefaling frå Nasjonalbiblioteket. Bokbasen Bibliotek er namnet på den nye plattforma som norske bibliotek kan  nytte for å administrere e-bøkene. I denne løysinga blir det enklare å halde oversikten over eige budsjett, lisensar, kjøp og utlån. 

Den nye nettbaserte administrasjonsløysinga vil være gratis for alle bibliotek og innkjøpskonsortium å bruke. Alt ein treng å gjere er å registrere seg som brukar. Bokbasen Bibliotek vil opne for registrering i 4. kvartal 2017. 

Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal oppmodar alle bibliotek i fylket om å registrere seg som mottakar av nyheitsbrevet på http://bibliotek.bokbasen.no/. Her vil ein få meir informasjon og løypande oppdateringar. 

Leseappen eBokBib er integrert med Bokbasen Bibliotek. Overgangen til ny modell vil ikkje merkast for lånarane på anna måte enn at utvalet i app-en blir større.