Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ny rådgivar

Åshild Widerøe er  tilsett som ny rådgivar i 100 % stilling ved fylkesbiblioteket og startar her 18. februar.

Nokre av oppgåvene ho skal ha er: 

- Utvikle prosjekt på tvers av fagområde for å fremje litteraturfeltet
- Programmere litteraturtilbod i Den kulturelle skulesekken
- Rådgje, rettleie og vere pådrivar for utvikling av biblioteksektoren og litteraturformidling i Møre og Romsdal
- Legge til rette for nettverksarenaer, halde faglege innlegg og foredrag
- Initiere samhandling og samarbeide tett med tilsette i folkebiblioteka, biblioteka i vgs og andre aktørar på feltet
Åshild har blant anna jobba som programansvarleg i 10 år ved Nynorsk kultursentrum (Dei nynorske festspela) og har vore dagleg leiar ved Sunnmøre kammermusikkfestival.

Vi ønsker henne hjarteleg velkomen til oss.