Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Over 4000 unge var med på Sommarles

Kontaktpersonar

One Marthe Jostad Vik One Marthe Jostad Vik
Bibliotekrådgivar
Send e-post

Over 4000 unge var med på Sommarles

For andre gong har biblioteka i Møre og Romsdal tilbydd den digitale lesekampanjen Sommarles. Kampanjen har vore ein stor suksess hos leselystne i fylket, og heile 4081 brukarar har registrert seg. 

I Møre og Romsdal vil det seie ei oppslutning på 19,9%. Av deltakarane er 41,5% gutar, og 58,5% jenter. –Det er kjekt å sjå at så mange barn tek seg tid å lese også i sommarferien. Lesekampanjer som denne er viktige, og biblioteka er til god hjelp for å halde leselysta og lesekompetansen ved like, seier fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch.

Vil stimulere til meir lesing

Kampanjen er eit tilbud til dei som går i 1.-7. klasse, og målet med kampanjen er å halde ved like og kanskje også betre lesekompetansen sin i løpet av ferien, og ikkje minst å fremme leselyst hos ungane.

–Det kan sjå ut som om biblioteka rundt om i fylket har hatt nok å gjere i ferien. I Møre og Romsdal har det vorte lese 56 089 bøker, noko som utgjer i snitt 13,7 bøker per brukar. Tilsaman blir det heile 5 610 116 sider, fortel Koch. 

Kontaktperson:

One Marthe Vik, rådgivar fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal, 

E-post: one.marthe.jostad.vik@mrfylke.no

Tlf: 70 16 22 74