Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Praksisstudent frå HIOA på fylkesbiblioteket

Praksisstudent frå HIOA på fylkesbiblioteket

Bibliotekarstudent frå Institutt for arkiv, bibliotek og informasjonsfag ved HIOA Kai Robin Flesvik Nilsen har for tida praksistid på fylkesbiblioteket

Foto: Ottar A. Anderson

Kai Robin er 1.års bibliotekarstudent og har praksisplass ved fylkesbiblioteket i Ålesund i fem veker frå 02.01-02.02.2018.

Praksisperioden er ei unik moglegheit for studenten til å bli kjent med praksisfeltet og framtida sine bibliotekarar og andre partnarar det er naturleg å samarbeide med. Fylkesbiblioteket har lagt opp til eit breitt erfaringsgrunnlag for studenten, med t.d. besøk på folkebibliotek, bibliotek på vidaregåande skular i fylket og bokbåten.

Også arkiv er eit viktig felt for framtidige bibliotekarar og Kai Robin fekk ein halv dag med informasjon og opplæring hos IKA Møre og Romsdal. Kai Robin var innom arkivet, FylkesFOTOarkivet, Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) og Kulturnett Møre og Romsdal. Studenten fekk eit innblikk i arkiv, digitalisering, fotobasar og kulturdatabasar som finst i regionen og nasjonalt.