Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Prosjektet «Biblioteket – ein trygg møteplass?» er godt i gang

Kontaktpersonar

Cecilie Røe
Spesialbibliotekar
71 28 05 09 / Mob. 952 10 109
Send e-post

Prosjektet «Biblioteket – ein trygg møteplass?» er godt i gang

No er vi i gang! Første workshop vart ein suksess, og nå jobbast det med Workshop 2 som vert halde på nyåret

John Sylte held foredrag om deeskalering av hissige situasjonar

Møre og Romsdal fylkesbibliotek vart i april tildelt midlar frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet «Biblioteket - ein trygg møteplass?». Målet med prosjektet er å utarbeide ei digital verktøykasse som inneheld kursmal og rettleiande retningslinjer innan ulike tema som omfattar konflikthandtering i biblioteket.

I prosjektarbeidet skal vi ha to workshopar med ei ressursgruppe. I gruppa sit mange engasjerte og flinke personar. Her finn du representantar frå Bibliotekarforbundet, Fagforbundet, Norsk bibliotekforening, Arendal bibliotek, Asker bibliotek, Bergen offentlige bibliotek, Deichmanske bibliotek, Haugesund folkebibliotek, Moss bibliotek, Sandefjord bibliotek, Sørum bibliotek, Trondheim folkebibliotek, Tønsberg og Færder bibliotek, Ullensaker bibliotek, og Ålesund bibliotek.

Første workshop var i Molde 30. og 31. oktober. Her var det foredrag om juridiske spørsmål rundt konflikthandtering i biblioteka.Vi fikk i tillegg høyre om deeskalering av situasjonar, handtering av truande situasjonar som har oppstått, psykiatri og fenomenkunnskap om ulike diagnosar og korleis ein fysisk kan legge til rette for trygge og sikre møteplassar i biblioteka. Deltakarane fikk også prøvd seg på rollespel, noko som utløyste eit mykje større engasjement enn først trudd.

Neste workshop blir i Oslo 9. og 10. januar. Her vil eit viktig tema vere korleis ein ivaretar barn og unge i biblioteket. I tillegg vil vi få informasjon om tiltaksplanar og kunnskap om det offentlege hjelpeapparatet. Vi får høyre om fleirkulturell kommunikasjon og forståing, og erfaringar og fordelar ved bruk av VR-briller som kompetanseverkty i opplæring av tilsette i psykiatrien. Samt at deltakarane skal få testa ut VR-brillene. 

Tilbakemeldingane på valte tema har vore gode! Her lærer alle mykje nytt innan tema som er både nyttige, interessante og lite omtalt i bibliotekfeltet før.

Vi har også oppretta ein blogg, kor vi skriv innlegg når noko nytt i prosjektet skjer. Her er det meininga at heile bibliotekfeltet (og alle andre som ønsker det) skal kunne kome med kommentarar, innspel og meiningar.

Bloggen finn du her: https://konflikthandteringibiblioteket.com

 

av Cecilie Røe, prosjektleiar