Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Rekruteringsdag på OsloMet

For ei veke sidan vitja Fylkesbiblioteket OsloMet i håp om å rekruttere nyutdanna bibliotekar og arkivstudentar til fylket.

 

Monge studentar til stade

 Med oss hadde vi biblioteksjef på Giske, Hilde Merete Gjessing, som prata om kvardagen som biblioteksjef i ei mellomstor kommune og kvifor ein skal søke seg til slike stillingar. Fylkesbiblioteket snakka varmt om kva fylket har å tilby og kvifor studentane skal søke seg hit. Det er behov for fagutdanna bibliotetilsette i Møre og Romsdal framover, og nyutdanna må vite at dei er ettertrakta utanfor Oslo og omegn. Cecilie Røe og Madelen Ramsøy delte også av eiga erfaring om jobbsøkerprosessen.

Frammøtet var stort med heile 60 deltakarar! No håper vi at stillingar som kjem i 2018 vil vere aktuelle å søke på for nyutdanna. Dagen var i samarbeid med studentforeninga Alexandria.
Les saka Alexandria skreiv om besøket her. 

Studentforeningen Alexandria saman med fylkesbiblioteket v/ Cecilie Røe og Madelen Ramsøy og biblioteksjef på Giske, Hilde Merete Gjessing.

Studentforeningen Alexandria saman med fylkesbiblioteket v/ Cecilie Røe og Madelen Ramsøy og biblioteksjef på Giske, Hilde Merete Gjessing.