Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Slik skal vi arbeide med konflikthandtering

Slik skal vi arbeide med konflikthandtering

Det manglar felles retningslinjer for korleis ein handterer konfliktar i biblioteka. I to år framover vil Møre og Romsdal fylkesbibliotek vie tid til dette viktige temaet.

Korleis handterer ein konfliktsituasjonar i biblioteket? Når skal ein ordne opp sjølv, og når skal ein tilkalle politi? Det er noko av det prosjektet vil prøve å svare på.

Møre og Romsdal fylkesbibliotek vart i april tildelt midlar frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet «Biblioteket - en trygg møteplass?»

Målet med prosjektet er å utarbeide ein kursmal og retningslinjer for konflikthandtering i biblioteket. I desse dagar rullar vi ut prosjektet, som skal vare til ut desember 2019.

Arbeidsgruppe og workshop

Prosjektet vil ha ei arbeidsgruppe som jobbar med desse oppgåvene gjennom heile perioden. I tillegg vil det bli avvikla to workshopar med ei referansegruppe. Her vil ulikt innhald, ulike foredragshaldarar og ulike læremåtar til ein kursmal bli testa ut. I tillegg vil vi her jobbe med forslag til retningslinjene. Det er til slutt arbeidsgruppa som utarbeider den ferdige kursmalen og dei rettleiande retningslinjene.
I prosjektet sin sluttfase vil vi teste ut kursmalen/handboka som eit pilotseminar over to dagar for alle bibliotektilsette i Møre og Romsdal, og deretter for bibliotektilsette i Østfold og Oslo.

Vi vil også opprette ein prosjektblogg for å marknadsføre og informere om prosjektet. I tillegg kan biblioteknettverket nasjonalt og i Norden nytte denne plattforma til å kome med innspel undervegs.

Tilgjengeleg i heile Norden

Etter at prosjektet er avslutta ønskjer vi at kursmalen og handboka med retningslinjene blir digitalt tilgjengeleg for biblioteksektoren i heile landet (Norden).

Dette er eit prosjekt som vil skape eit samarbeid mellom fleire fylker, og fleire bibliotek i Møre og Romsdal. Prosjektleiar er Cecilie Røe, rådgjevar ved Møre og Romsdal fylkesbibliotek.

Støtte til fleire bibliotek

Vi vil og nytte høvet til å gratulere Herøy kommune og biblioteka på Søre Sunnmøre med tilskot til prosjektet «Fem bibliotek, felles drift og utvikling», også det frå Nasjonalbiblioteket. Ålesund kommune og Ålesund bibliotek fekk også støtte til prosjektet «Et nytt rom for befolkningen».