Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Sommarstengt - og full fart til hausten

Sommarstengt - og full fart til hausten

Sommaren er her igjen, og Fylkesbiblioteket har i år stengt i veke 29 og 30. Resten av sommaren har vi redusert bemanning, men vil vere tilgjengeleg på telefon 70162270 som alltid.

Til hausten stiller vi fulltallige med to nye medarbeidarar som saman med resten av staben skal vere med på å løfte fagkompetansen i Fylkesbiblioteket. Bjørn Vatne og Cecilie Røe får mange av dykk møte på bibliotekdagane (sjå meir info under).

Fylkesbiblioteket vil i haust sette i gang følgjande prosjekt og kurs:

- Prosjektet «23 offentlege ting» – om offentleg informasjon på nett.

- Formidlingsprosjektet Lesesørvis – kurs i formidlingsteknikkar

Frå i haust vil vi også sende ut nyheitsbrev for å formidle meir av aktiviteten vår til biblioteka, og invitere til dialog.

Bibliotekdagane

Bibliotekdagane blir i år arrangert 20.-21. september på Hotel Scandic Parken i Ålesund. Vi tar kommunereforma på alvor og inviterer til dialogmøte og workshop med Grete Bergh som har utarbeida prosessverkty for planlegging og styrking av bibliotektenester i kommunar som skal slå seg saman, eller kommunar som ønskjer å samarbeide på tvers av kommunegrenser. For å oppnå best mogleg prosess ønskjer fylkesbiblioteket å invitere kommuneleiing i tillegg til bibliotekleiar/filialstyrar på andre dag av konferansen. Merk at det likevel er ope for alle bibliotektilsette. Informasjon og påmelding og program kjem i august.

Vi jobbar samstundes med å utarbeide nye kompetansehevande kurs på ulike fagområde, og ber om innspel og ønske for 2018.

Ein riktig god sommar frå oss på Fylkesbiblioteket!