Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Stjernearkitekt til Bibliotekdagane

Dokument

Program som PDF
PDF-dokument - 759,74 kB

Stjernearkitekt til Bibliotekdagane

Litterære stjerner på Bjørnsonfestivalen får i år selskap av ein nederlandsk stjernearkitekt, når Bibliotekdagane går av stabelen 5.-6. september i Molde.

Arkitekt Aat Vos. Foto: Marco Heyda

Kvart år arrangerer Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal ei fagleg samling for tilsette i folkebiblioteka. I år er arrangementet lagt til Molde og Bjørnsonfestivalen, der deltakarane både får ein smakebit av festivalprogrammet og fagleg påfyll over to dagar.

Det knyttar seg store forventningar til foredraget frå arkitekt Aat Vos, som står bak utforminga av ei rekke norske og nederlandske bibliotek dei siste åra. Han har vore heilt sentral i utviklinga av fleire filialar på Deichman i Oslo, mellom anna det mykje omtalte Biblo Tøyen. Han er også mannen bak nye Ulstein bibliotek.

Aat Vos tek utgangspunkt i omgrepet «Den tredje staden», og har dedikert seg til å gjenopplive det offentlege rom. Hans ønske er å skape møteplassar i samarbeid med viktige aktørar i lokalsamfunnet, som biblioteket. Dette skal vere stader der folk føler seg velkommen og som kan styrke samhald og integrering.

Heile programmet for bibliotekdagane, med lenke til påmelding, finn de her:

Program for Bibliotekdagane 2018