Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Tildelt arrangementsstøtte vår 2018

Tildelt arrangementsstøtte vår 2018

Ved utgang av søknadsfrist var det mottatt 7 søknadar. Alle desse vart innvilga

Formålet med arrangementsstøtta er å medverke til å utvikle biblioteka som arena for aktivitet, debatt, foredrag og samtale innan kultur- og samfunnsliv. Alle folkebibliotek i Møre og Romsdal som driv i samsvar med Lov om folkebibliotek kan søke. Ved utgang av søknadsfrist var det mottatt 7 søknadar. Alle desse vart innvilga. 

Her er ein oversikt over innvilga søknadar: 

- Aukra folkebibliotek: Lag din egen jord – dyrk din egen mat. Foredrag med Maria Berg Hestad. Ønsker med dette å starte opp eit hagelag i Aukra. Samarbeid med Aukra blomster og initiavtakar til hagelag.

- Fræna og Eide bibliotek: Sommerles-kickoff i Fræna og Eide. Ønsker å auke oppslutninga om den nasjonale Sommerles-kampanjen gjennom ein inspirasjonsturné til alle skolane i Fræna og Eide. Forfattar Mari Moen Holsve og biblioteksjef vil stå for turnéen.

- Hareid folkebibliotek: Spurvis. Arrangementsrekke for born 9-12 år på tema born i denne alderen er nyfikne på.

- Stordal bibliotek: Arrangementsrekke med Birte Svatun. Foredrag for vaksne om høgsensitive born, og barneframsyning med utgangspunkt i bøkene om Kroppen, Hva er følelser, Rett eller galt og Tenkeboka.

- Sunndal folkebibliotek: Sunndal mellem linierne. Bibliotekfestival med m.a. forfattarane Margit Walsø, Lars Mæhle og Tone Almhjell. Feiring av Sunndal folkebibliotek 175 år.

- Ulstein bibliotek: Gløymt. Fotografi frå ein flyktningeleir i Hellas. Fotoutstilling med foto tatt av Karrar Al-Azzawi, tverrfagleg samarbeid innan kommunen. Utstillinga skal også vidare til andre bibliotek.

- Ålesund bibliotek: Gatefoto. Fotoutstilling og foredrag i samarbeid med Ålesund kunstfagskole og Ålesund kameraklubb på hovudbiblioteket.