Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Fylkesbiblioteket > Nyheiter > Tilskot til lokale kulturrarrangement

Tilskot til lokale kulturrarrangement - neste søknadsfrist 15.9.!

Denne tilskotsordninga som frå 2019 erstattar m.a. arrangementsstøtte til biblioteka har søknadsfrist 4 gonger i året. Vi minner om neste frist 15.9.2019! (siste frist i 2019 er 15.11.)

Bilde frå vellukka arrangement i Ålesund bibliotek

Vi gjer merksam på at for slike tilskot gjeld krav om minimum 50% eigenandel, og denne eigenandelen kan ikkje vere eige arbeid. Eigenandelen må vere rein økonomi, og den kan bestå av tilskot frå andre bidragsytarar. Det er også eit krav at ein skal ha samarbeid med det frivillige. 

Søknad skal sendast gjennom portalen http://www.regionalforvaltning.no. Kommunane bruker denne portalen til søknader på andre tilskot, så de må vende dykk til kommuneadministrasjonen for å få tildelt brukarnamn/passord.

Her er lenke til «Tilskot til lokale kulturarrangement»:

https://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/OEkonomisk-stoette-og-stipend/Kulturformidling/Tilskot-til-lokale-kulturarrangement