Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Workshop i 23 offentlege ting

Nytt kurstilbod til bibliotektilsette som vil veilede brukarane i digitale tenester.

7. desember blir det workshop i 23 offentlege ting i Ålesund, i regi av Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Det blir halde to slike samlingar i fylket. Samling nummer to har same innhald, og blir halde lenger nord i fylket i januar 2018 (dato kjem).

23 offentlege ting er eit nettbasert kurs for deg som arbeider i bibliotek, og som ønskjer å bli betre i stand til å rettleie brukarane i digitale offentlege tenester som Nav.no, Lånekassen, digital ID og opne data.

Målet med 23 offentlige ting er at bibliotektilsette skal:

  • Utforske og lære om dei viktigaste digitale offentlege tenestene.
  • Bli betre i stand til å veilede publikum i bruk av tenestene.
  • Utforske ein ny måte å lære på.

I statlege føringar blir biblioteka peika på som ein viktig arena for digital rettleiing av innbyggarane. Sjå mellom anna stortingsmelding 27 «Digital agenda for Norge — IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet»

I Møre og Romsdal legg vi opp til ei workshop-tilnærming der vi løftar fram nokre tema, og kjem i gong med nettkurset i samla flokk. Det er ikkje veldig ressurskrevjande å komme gjennom resten av kurset på eiga hand. Alle som fullfører får tilsendt kursbevis i etterkant.

Påmelding og program

Påmeldingsfrist (bindande): 1. desember
Stad: Scandic Parken hotell, Ålesund
Registrering startar 09.30

Samlinga er gratis og inkluderer lunsj.

Dei som ønskjer å stille ekstra godt førebudd, kan allereie no finne kurset på denne lenka: https://bokskapet.hioa.no/courses/course-v1:BOKSKAPET+FELLES-1705+1/about

 

Påmelding til workshop i 23 Offentlege ting, Ålesund 7. desember. Frist: 1. desember.
  1. Kurset er gratis og inkluderer lunsjbuffet. Vi ber om at informasjon om allergiar o.l. sendast pr. epost til bjorn.vatne@mrfylke.no

Program:

 

09.30 Registrering og kaffe

10.00 Velkommen, kort innføring i kurset ved Bjørn Vatne, rådgjevar ved Møre og Romsdal Fylkesbibliotek

10.30 Norunn England, Difi: Elektronisk ID, Digital postkasse og Norge.no

11.15 Pause

11.30 Eigenarbeid med nettkurset

12.00 Lunsj

13.00 Steinar Slyngstad, NAV: Innføring i nav.no og vanlige utfordringar for brukarane

13.45 Pause

14.00 Eigenarbeid med moglegheit for spørsmål

14.45 Plenumsdiskusjon: Kor går grensene for personinfo, og kva kan ein som bibliotekar seie nei til?

15.15 Avslutning og vegen vidare