Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Temasekken

Dette er eit 3-årig prosjekt med midlar frå Nasjonalbiblioteket, som blir leia av Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal og Skodje bibliotek. I samarbeid med Skodje barneskule og Stette skule har vi brukt  «Kunnskapsløftet – Mål og innhald i grunnskolen» for å velje ut tema.

Temasekken inneheld ulike bøker og konkretiseringsmateriell, og målet med den er å styrke leselyst og leseglede i grunnskolen. Den er tilpassa barn frå 1. til 4. trinn, med tanke på ulik lesedugleik og kulturell bakgrunn. Vi skal i prosjektperioden sette saman sekkar med 3 ulike tema, og det skal lagast 10 sekkar av kvart tema. Valt tema er: samane, småkryp og steinalder.  

Det er 4 bibliotek i fylket som er valt ut for å prøve ut sekkane i si kommune: Skodje bibliotek, Nesset bibliotek, Surnadal bibliotek og Bokbåten Epos, som besøker ca. 70 stader som ikkje har bibliotek i nærleiken. Vi har lagt til grunn at desse biblioteka dekker ulike type skolar: fulldelt skule med kombinasjonsbibliotek, fådelte skular og skular som har elevar med framandspråkleg bakgrunn. 

«Temasekken Samane» inneheld skjønn- og faglitteratur, lydbøker, musikk cd, pc-spel, konkretiseringsmateriell (samisk pung, puslespel, lottospel, oppskrifter, filtstjerne m.m.). I tillegg har vi ei blindeskriftbok med blindeskrift på samisk og norsk som blir lånt ut til skulen ved behov. Troms fylkesbibliotek og Samisk bibliotekteneste har og gitt oss hjelp med innhaldet. 

"Temasekken Småkryp" inneheld skjønn- og faglitteratur, DVD og konkretiseringsmateriell (augestikkar, plansjar, tips til formingsaktivitetar m.m). I tillegg har vi ei taktile bok "Den lille larven aldrimett", som kan lånast ved behov.

"Temasekken Steinalder" inneheld skjønn- og faglitteratur, men ettersom det var vanskeleg å finne bøker tilpassa målgruppa har vi kjøpt fleire bøker av enkelte titlar. Nokre bøker er ikkje lenger i sal, så vi har lagt ved informasjon om bokylla.no. I tillegg har den: kopi av pilspiss og flintøks, puslespel, ill. over strandlinjekurve, tips til aktivitetar m.m. Arkeolog frå kulturvernseksjonen i Møre og Romsdal var med i prosjektgruppa.

Etter prøveperioden skal sekkane lånast ut gjennom fjernlån frå Fylkesbiblioteket.

For meir informasjon om Temasekken sjå "Statusrapport Temasekken 2014", "Statusrapport Temasekken 2015" og "Sluttrapport"  under dokumenter.

 Temaekken, og noko av innehaldet i "Temasekken Småkryp", "Temasekken Samane" og "Temasekken Steinalder"

Temasekken

Temasekken

 
Temasekken Småkryp

Temasekken Småkryp

 
Samisk pung og flettaband

Samisk pung og flettaband

Temasekken Samane

Temasekken Samane

       

 

 

 

 

 

  

  

Kontaktpersonar

Inger Lise Aarseth Inger Lise Aarseth
Førstekonsulent
70 16 22 70
Send e-post

Dokument

Statusrapport Temasekken 2014
PDF-dokument - 225,47 kB
Statusrapport Temasekken 2015
PDF-dokument - 45,44 kB
Sluttrapport Temasekken
DOCX-dokument - 14,14 kB