Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kulturrabatt

Kulturrabatt for ungdom

Kulturkort for ungdom var eit prosjekt satt i gang av Kulturdepartementet, men opphøyrde i 2015 frå staten si side. Møre og Romsdal fylkeskommune har vald å vidareføre Kulturrabatt for ungdom i eigen regi. Ordninga gir ungdom 25 prosent rabatt eller meir på kulturopplevingar ved ein del institusjonar, til dømes kino og kulturhus.

Ordninga gjeld for ungdom i alderen 15-20 år på alle arrangement.

Det er gjort spesielle avtalar med ein del festivalar i fylket om større rabatt.  Til dømes er det avsatt kvoter med rabatterte festivalpass på Jugendfest, Moldejazz og Skjærvafest.

Ungdom får kjøpt billett med Kulturrabatt ved å vise gyldig legitimasjon.  Rabatten er personleg, og kvar enkelt ungdom får difor berre kjøpe ein billett.  Rabatten kan ikkje brukast for skuleklassar. På festivalane må ein ofte vise legitimasjon for å bytte inn billett i armband. Sjekk kva som står på billetten.

Ordninga har eiga Facebookside. Nye avtalar blir kunngjort der. 

Oppdatert liste over stader med Kulturrabatt finn du på høgre side.

Fylkeskommunen refunderar differansen mellom ordinær billettpris og Kulturrabattpris til arrangøren.  Tal på solgte billettar skal vere dokumenterte ved billettrapport eller liknande, sjå avtaleteksten. Møre og Romsdal fylkeskommune tar inn nye kommunar/institusjonar/kulturarrangørar etter kvart som dei melder si interesse.  Til høgre ligg mal for avtale i 2018.  

Kontaktpersonar

Maria Haukås
Rådgivar
71 28 03 12 / Mob. 900 96 919
Send e-post

Dokument

Avtalemal Kulturrabatt 2018
DOCX-dokument - 124,13 kB
NY Kulturrabattlogo svart eps
EPS-dokument - 1,82 MB
NY Kulturrabattlogo kvit eps
EPS-dokument - 1,82 MB
NY Kulturrabattlogo svart ai
AI-dokument - 1,56 MB