Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kulturrabatt

Kulturrabatt for ungdom

Kulturkort for ungdom var eit prosjekt satt i gang av Kulturdepartementet, men opphøyrde i 2015 frå staten si side. Møre og Romsdal fylkeskommune har vald å vidareføre Kulturrabatt for ungdom i eigen regi. Ordninga gir ungdom 25 prosent rabatt eller meir på kulturopplevingar ved ein del institusjonar, til dømes kino og kulturhus.

Frå 1.januar 2018 gjeld ordninga for ungdom i alderen 15-20 år på alle arrangement.

Det er gjort spesielle avtalar med ein del festivalar i fylket om større rabatt.  Til dømes er det avsatt kvoter med festivalpass på Jugendfest, Moldejazz og Skjærvafest.

Ungdom får kjøpt billett med Kulturrabatt ved å vise gyldig legitimasjon.  Rabatten er personleg, og kvar enkelt ungdom får difor berre kjøpe ein billett.  Rabatten kan ikkje brukast for skuleklassar. På festivalane må ein ofte vise legitimasjon for å bytte inn billett i armband. Sjekk kva som står på billetten.

Ordninga har eiga Facebookside. Nye avtalar blir kunngjort der. 

Oppdatert liste over stader med Kulturrabatt finn du på høgre side.

Fylkeskommunen tar inn nye kommunar/institusjonar/kulturarrangørar etter kvart som dei melder si interesse.  Til høgre ligg mal for avtale.

Kontaktpersonar

Hege Merethe Gagnat Hege Merethe Gagnat
Rådgivar kulturformidling
71 28 03 23 /
Mob. 901 14 024
Send e-post

Dokument

Avtalemal Kulturrabatt 2018
DOCX-dokument - 124,13 kB
Avtalemal Kulturrabatt 2017
DOCX-dokument - 1,16 MB
NY Kulturrabattlogo svart eps
EPS-dokument - 1,82 MB
NY Kulturrabattlogo kvit eps
EPS-dokument - 1,82 MB
NY Kulturrabattlogo svart ai
AI-dokument - 1,56 MB