Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kultursekken

Kultursekken

Kultursekken leverar kulturopplevingar og verkstader for barn og unge i barnehagane, grunnskulen og den videregåande skulen i Møre og Romsdal. Kultursekken blir realisert gjennom tiltaka Kulturnista og Kulturlauget, og gjennom kommunane sine lokale Kultursekkprosjekt.

Kultursekken er Møre og Romsdal fylke sitt svar på Den kulturelle skolesekken (DKS) - eit nasjonalt tiltak for å satse på kultur i barnehage, grunnskule og videregåande skule. DKS er finansiert av spelemidlar som vert fordelt til fylkeskommunane i landet. 
Kultursekken har eigne nettsider som du kjem til ved å klikke her.

"I wish her well" - Panta Rei danseteater

Kultursekken inneheld:
  • Møter med profesjonelle kunstutøvarar innan ulike kunstsjangrar
  • Eigenaktivitet med og opplæring av elevar innan ulike kunstsjangrar
  • Arenaer for unge utøvarar
  • Møter med kulturarven

Arbeidet med dette innhaldet skjer gjennom Kulturnista og Kulturlauget som blir administrert av fylkeskommunen. I tillegg mottek kommunane spelemidlar til lokale Kultursekktiltak.

Kulturnista

Kulturnista er ei abonnementsordning for kommunane i fylket som skal sikre alle skulane profesjonelle kulturtilbod innan eit breitt spekter av kulturuttrykk. Alle kommunane og grunnskulane i Møre og Romsdal er med i ordninga, med unntak av eit par privatskular. Kommunane betaler ein eigendel på 90 kroner per elev per skuleår.

Vi har også starta på utviding av ordninga til å gjelde barnehagar i fylket. 23 kommunar deltar i pilotprosjektet, og desse betaler ein eigendel på 60 kroner pr barn per barnehageår.

Alle dei vidergåande skulane i fylket deltar i abonnementsordninga.

Toneklang

"Toneklang"

Kulturlauget

Kulturlauget er ei bestillingsordning der skulane kan bestille verkstader med profesjonelle fagfolk innan eit breitt spekter av kulturuttrykk. Kommunane betaler ein eigendel pr verkstad som utgjer ca 50% av dei samla utgiftene.

Kontaktpersonar

Ragnhild Holsvik
Seksjonsleiar
71 28 04 79 / Mob. 416 29 185
Send e-post
Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post