Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Kultursekken > Kulturlauget 2018-2019 - klart for bestilling

Kontaktpersonar

Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post
Hege Merethe Gagnat Hege Merethe Gagnat
Rådgivar kulturformidling
71 28 03 23 /
Mob. 901 14 024
Send e-post

Kulturlauget 2018-2019 - klart for bestilling

Grunnskulane i Møre og Romsdal kan no bestille Kulturlaug for skuleåret 2018-2019. Bestillingsfrist var 5.april. Kulturlauget er ekstratilbod om verkstader for elevane i tillegg til Kultursekken sitt ordinære program for skulen.  Skulane bestiller og betaler ein eigendel.

Nålehullsfotografi - Bygg ditt eget fotokamera, er eit av kulturlauga skuleåret 2018-2019. Foto: Hedvig Biong/Pablo Castilla

Profesjonelle kunstnarar og kunstpedagogar er på nytt klare til å lære elevar i Møre og Romsdal å utfalde seg innan kulturfaga! Ønskjer de at elevane skal lære seg rap, å lage dokumentarfilm eller kanskje musikkvideo? Eller få opplæring i hiphopdans, teater, streetart eller poesi? Kulturlauget har eit variert tilbod for kulturaktive elevar!

På menyen står 34 ulike verkstader innafor alle kunstfelta. Også for neste skuleår er det nye Kulturlaug skulane kan bestille, desse blei presenterte på Kulturtorget i januar.

Informasjon om dei ulike verkstadene finn du på denne lenka. Vi viser ellers til epost sendt til skulane og kommunane.

Bestilling er bindande for skulen.

Skulane får beskjed i løpet av mai kva for kulturlaug som blir tildelt.