Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Metode

Metode

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar seg i hovudsak av tre ulike metodar ved sine arkeologiske registreringar:

Visuell overflateregistrering

Metoden inneber at markoverflata blir registrert for å påvise funn av tufter, gravminner, dyrkingsspor o.s.b.Grunnen blir sondert ved hjelp av sonderingsbor, ei ca 1 meter lang metallstang der det er frest ut eit spor som gjer det mogleg å ta ut en profil av grunnen der ein stikk. Ved moglege funn blir det gjerne opna ei sjakt eller eit prøvestikk for å påvise eldstader, golvnivå, dyrkingslag el.l, avgrense kulturminna, og eventuelt ta ut kolprøver for datering.

Maskinell sjakting                     

Metoden inneber at ein nytter gravemaskin med flatt graveskjær/pusseskjær til forsiktig å skrape av det øvste matjordslaget. Spor etter blant anna eldstader og stolpehol etter hus er ofte synlege rett i overkant av den sterile overgrunnen under. Sjaktene har ei bredde på om lag 3 meter. Ved undersøking av større område blir sjaktene lagt parallelt, med innbyrdes avstand på om lag 10-15 meter.

Manuell prøvestikking

Metoden inneber at ein bruker spade og fjerner torva i eit om lag 40 x 40 cm stort område. Massen blir gravd opp mekanisk, bøtte for bøtte, og sålda i såld med 4 mm maskevidde. Såldingen fjernar jord, sand o.l. og gjer det mogleg å påvise steinredskapar som økser og pilspissar, eller avfall frå tilverking av slike, som t.d. flintavslag. Uttakstaden for kvart bøttelag blir markert i profilen for kvart bøttelag, for eventuelt å kunne relatere funn til riktig jordlag. Både positive og negative prøvestikk blir kartfesta, for slik å kunne avgrense eventuelle lokaliteter.

Møre og Romsdal fylkeskommune utforskar også andre metoder for registrering og kartlegging av arkeologiske kulturminne.

 


LIDAR - flybåren laserskanning

Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2013 byrja å utforske potensialet for å detektere og overvåke arkeologiske kulturminner ut frå digitale terrengmodellar som byggjer på flybåren laserskanning (LIDAR).

Les meir

Luftfotografering - med mikrokopter

Under prosjekter med maskinell sjakting i dyrka mark kan det ofte vere vanskeleg å få over busetjingsområde og andre lokalitetar som strekkjer seg over fleire sjakter. I 2011 og 2012 har vi forsøkt å nytte oss av mikrokopter til å ta bilder over lokalitetene under graving. Det bidreg til å gje ei betre oversikt over lokalitetene, og ei meir målretta undersøking. Bileta kan også gje eit betre underlag for seinare utgravingar.

Mikrokopter er også eit nyttig verkty til filmpresentasjonar av viktige kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap.

Sjå bileta og les meir på High Angle sine heimesider.

Les meir

Geofysikkprosjekt på Veøya

Tidlig i juni i år foretok arkeolog Brit Solli eit nytt prosjekt på Veøya. Denne gongen utan spade og graveskei, men med hjelp av gradiometer og georadar. Med seg på laget hadde ho geofysikarene Arne Anderson Stamnes og Kristin Fosnes frå NTNU. Fokus var retta mot dei to eldste kyrkjegardane på Veøya som Solli tidlegare har datert til vikingtid, og som med andre ord omfattar nokre av dei tidlegaste kristne gravene i landet. Kan ein ved hjelp av geofysiske metodar avdekke fleire graver, og er det mogleg å finne ei av kyrkjene som Håkon den Gode ifølgje Snorre skulle ha reist på 900-talet. Undersøkingane verka lovande, men fullstendige analyseresultat vil ikkje liggje føre før seinare i år.

Les meir på bloggen vår...

Les meir

Kontaktpersonar

Kristoffer Dahle Kristoffer Dahle
Arkeolog/rådgivar
71 28 03 29 /
Mob. 992 28 103
Send e-post
Torill Einara Nerbøvik Torill Einara Nerbøvik
Arkeolog/rådgivar
71 28 03 30
Send e-post