Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Kulturvern > Arkeologi > Metode > LIDAR - flybåren laserskanning

LIDAR - flybåren laserskanning

Møre og Romsdal fylkeskommune har i 2013 byrja å utforske potensialet for å detektere og overvåke arkeologiske kulturminner ut frå digitale terrengmodellar som byggjer på flybåren laserskanning (LIDAR).

Skanningsdata henta inn med laserinstrument gjev grunnlag for å lage svært nøyaktige  modellar av gjenstandar og overflater. Flybåren laserskanning blei første gang tatt i bruk i arkeologien litt innpå 2000-tallet, og sidan har bruken vore aukande. Den har særleg vist seg nyttig til å kartlegge godt synlige og kjente kulturminne i jordbrukslandskap, og dels også til å identifisere og kartlegge kulturminne i skog. Ein av de fremste fordelane ved flybåren laserskanning er at ein kan velje å jobbe med ein terrengmodell med eller utan vegetasjon som kan fjernast frå modellen. Vegetasjonsfrie terrengmodellar eigner seg særs godt til å analysere, tolke og visualisere forhold på bakken i 3D frå alle vinklar.

Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje gjort eigne flyskanningar, men utforskar no potensialet som ligg i allereie skanna område (til dømes i samband med vegutbyggingar). For at ein skal kunne påvise kulturminne vert det gjerne krevd ein punkttettleik på 5 punkt pr kvm, men dette varierar noko etter kor mykje og tett vegetasjon det er.