Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Prosjekt

Prosjekt

Kunnskapen om forhistoria vår blir stadig fornya. På denne sida kan du finne informasjon om aktuelle arkeologiprosjekt i Møre og Romsdal, enten i regi av fylkeskommunen eller andre samarbeidspartnarar. 


SPARC - spor etter fortidens jakt og fangst smelter frem i fonnene i høyfjellet

SPARC (Snow Patch Archaeology Research Cooperation - The effects of climate change on vulnerable high mountain heritage environments) er eit forskingsprosjekt finansiert av Forskingsrådet (NFR) som fokuserer på snøfonner i høgfjellet som eit jaktmiljø med stor tidsdjupn. I enkelte områder har varmare klima resultert i at snøfonnene smeltar, og at viktige arkeologiske funn og fornminner knytt til jakt og fangst har blitt blottlagt. Dei låge temperaturforholda i snøfonnene har vist seg å være optimale for bevaring av organisk materiale, som til dømes dyrerestar, sko, klede, piler og skremmepinnar.

Ei av hovudoppgåvene i prosjektet er å utvikle gode rutiner i forvaltninga av funn og fornminner i slike fonner. Møre og Romsdal deltek i brukargruppa, og ønskjer også å gjere ei kartlegging av potensielle snøfonner i vårt fylke.

Les meir om prosjektet på NTNU sine heimesider, eller sjekk ut prosjektet Klimapark 2469/Mimisbrunnr i Oppland.

Les meir

Utgravingar ved NTNU i 2011

NTNU gjennomførte i 2011 to utgravingar i Molde kommune, på Bolsøya og på Kringstad. På Bolsøya blei det funne restar etter eit ca 30 meter langt treskipa langhus frå 200-talet f.Kr. Det ble funne spor etter inndeling i tre rom, med to sentrale eldstadar i hovedrommet. Det ble også funne spor etter det som trolig er inngangsparti til huset både fra østsiden og vestsiden. Mykje kol i nedgravingane kan elles tyde på at huset kan ha brent. Huset settast i sammenheng med eit anna busetjingsområde som blei avdekka ved Bolsøya skole i 2009. På Kringstad blei det avdekka rester etter i alt tre hus av treskipa type, samt spor etter dyrking og ei åkerrein. Dateringer fra registreringen viser at området har vært i bruk i yngre bronsealder og førromersk jernalder.

Les meir på bloggen til Vitskapsmuseet!

Les meir

Geofysikkprosjekt på Veøya

Tidlig i juni i år foretok arkeolog Brit Solli eit nytt prosjekt på Veøya. Denne gongen utan spade og graveskei, men med hjelp av gradiometer og georadar. Med seg på laget hadde ho geofysikarene Arne Anderson Stamnes og Kristin Fosnes frå NTNU. Fokus var retta mot dei to eldste kyrkjegardane på Veøya som Solli tidlegare har datert til vikingtid, og som med andre ord omfattar nokre av dei tidlegaste kristne gravene i landet. Kan ein ved hjelp av geofysiske metodar avdekke fleire graver, og er det mogleg å finne ei av kyrkjene som Håkon den Gode ifølgje Snorre skulle ha reist på 900-talet. Undersøkingane verka lovande, men fullstendige analyseresultat vil ikkje liggje føre før seinare i år.

Les meir på bloggen vår...

Les meir

Samisk busetjing i Trollheimen i jarnalder og mellomalder?

I løpet av 2010 og 2011 vil det gjennomføres registreringer i Trollheimen i regi av Sametinget, Stiftelsen Saemien Sijte og prosjektet ”Saemieh Saepmesne – I det samiske rummet”. Målet er å påvise eventuelle samiske kulturminner som fangstmarksgraver, eldre busetjingsspor (stalotomter, skogstomter), beingjemmer, bjørnebegravelser etc. som kan peike i retning av  samisk busetjing i området i eldre tid. Prosjektet vil konsentrere seg om Gamseterdalen, Granasjøen, Svarthatten, Sunndalen, Innerdalen og områda ved Tovatnet, og skje i samarbeid med lokale samiske registratorar.

Les meir

På sporet av Arnungane på Giske

I mai 2011 utfører Bergen musum arkeologisk utgraving ved Giske kyrkje. Funna kan truleg vere frå yngre jarnalder, og kan kanskje knytast til storgarden til Arnungane.

Les meir

Kristninga av Romsdal

Sommaren 2011 vil Sæbjørg Walaker Nordeide ved Senter for Middelalderstudier i Bergen gjere arkeologisk feltarbeid i Romsdal i samband med prosjektet "The emergence of micro-Christendoms at 'the edge of the world' around AD 1000: The Romsdal case." Hovedproblemstillingen i prosjektet er å undersøke forholdet mellom kristne og ikkje-kristne i landskapet i perioden då kristendommen blei etablert i området.

Les meir

Kontaktpersonar

Bjørn Ringstad Bjørn Ringstad
Fylkeskonservator
71 28 04 39 /
Mob. 414 58 971
Send e-post
Kristoffer Dahle Kristoffer Dahle
Arkeolog/rådgivar
71 28 03 29 /
Mob. 992 28 103
Send e-post