Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Kulturvern > Arkeologi > Retningslinjer for metaldetektor

Arkeologar nyttar metaldetektor i arkeologisk forvaltingsarbeid

Retningslinjer for metaldetektor

Metallsøking fører til funn av mange arkeologiske gjenstandar som er viktige for forsking, formidling og forvaltning. Riksantikvaren har nå laget retningslinjer for privat bruk av metallsøker

I dag ser vi ein auka bruk av metalldetektor, både innan kulturminneforvaltinga og gjennom privatpersonar som har dette som hobby.

Arkeologiske funn fortel om vår felles historie, og tilhøyrer fellesskapet. Eit godt samarbeid mellom private metallsøkarar og kulturminneforvaltinga er viktig for at privat metallsøking skal kome fellesskapet til gode. Dette føreset tydelige retningslinjer i tråd med gjeldande lovverk, sier fungerende riksantikvar Marit Huuse.

Metallsøking er ein aktivitet som, dersom den utførast uforsiktig, kan føre til skader på kulturminne.

Dei nye retningslinjene

Riksantikvaren sendte eit utkast til retningslinjer for metallsøk på høyring hausten 2016, og fekk tilbakemeldingar fra fylkeskommunane, universitetsmusea og metallsøkarmiljøa. Riksantikvaren har no ferdigstilt arbeidet med felles nasjonale retningslinjer for privat metallsøking.

Retningslinjene gjeld for privat bruk av metallsøkar, det vil seie utanfor organisert søk i samarbeid med kulturminneforvaltninga. Riksantikvaren ønsker på sikt fleire samarbeidsprosjekt med dei organiserte metallsøkermiljøene.