Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

SEFRAK

SEFRAK

SEFRAK er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne. Det rare namnet er opphavleg ei forkorting for SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminne i Noreg, som var det organet som starta prosjektet. Ansvaret for registeret er seinare overteke av Riksantikvaren.

SEFRAK vart bygt opp gjennom eit stort anlagt feltarbeid i åra 1975-1995. Mange tusen registratorar samla då inn opplysningar om alle bygningar frå før år 1900 i Noreg. Med til arbeidet høyrde også kartfesting, oppmåling og fotografering av objekta. I alt er det registrert ca 515.000 objekt i SEFRAK, av dei er i underkant av 375.000 bygningar som framleis står. Resten er ruinar, andre minne enn hus eller objekt som er blitt borte etter at dei vart registrerte.  
SEFRAK er først og fremst eit generelt kulturhistorisk register som kanskje særleg har verdi som kjeldemateriale for lokal historie. Men det vert også nytta av forvaltninga som eit utgangspunkt for å finne kvar det kan vere verneverdig bebyggelse. Det at ein bygning er registrert i SEFRAK gjev den ikkje automatisk nokon vernestatus. Oppføring i registeret inneber heller ikkje i seg sjølv spesielle restriksjonar for kva som kan gjerast med eit hus.
Skjema- og fotomaterialet etter registreringane i Møre og Romsdal ligg hos Fylkeskonservartoren, men mange kommunar har også kopiar. For tida pågår det eit prosjekt for å få desse dokumenta skanna. Opplysningane er også lagt inn på data og utgjer ein del av Statens Kartverk sitt eigedomsregister Matrikkelen, og er såleis også enkelt tilgjengeleg for den kommunale forvaltninga. Riksantikvaren publiserer også SEFRAK som ein såkalla WMS-tjeneste til bruk i geografiske informasjonssystem (GIS). Denne kan du mellom anna sjå på GISlink eller i Kulturminneatlas.

Kontaktpersonar

Kristoffer Dahle Kristoffer Dahle
Arkeolog/rådgivar
71 28 03 29 /
Mob. 992 28 103
Send e-post

Dokument

Kodeliste SEFRAK
PDF-dokument - 2,43 MB