Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fartøyvern

Fartøyvern

Tilskot til fartøyvern er ei viktig ordning for bevaring av ein viktig kulturarv-kategori, og 2016 var den første gongen Møre og Romsdal fylkeskommune tok del i SAVOS ordninga (Samarbeidsrådet for Vest- og Sørlandet) – et samarbeidsorgan for de seks fylkeskommunane langs Vest- og Sørlandet.

Føreliggande fartøyverneplan for SAVOS er utarbeida på bakgrunn av forslag fremja på fartøyvernkonferansen for SAVOS i Kristiansand 17. og 18. september 1998. Ordninga er eit samarbeid med Riksantikvaren, der kvar av partane bidreg 50% av tilskotssummen. Tradisjonelt har fartøyvern omfatta dekka fartøy på over 30 fot, men det er tatt til orde for å inkludere mindre opne båtar i fartøyvern-omgrepet. Intensjonen er at alle fartøy, uansett storleik og type skal integrerast i fartøyvernet, men slik er det ikkje pr. i dag.

I Møre og Romsdal har vi sidan 2016 gitt ut tilskot for istandsetting- og vedlikehald til totalt 10 fartøy. Disse er; Bilfergen, Brand, Brannsprøyta, Fangst, Heland, Hindholmen, Rapp, Slukk 2, Svanen og Thorolf. Dette er om lag halvparten av båtane frå Møre og Romsdal som har eit offisielt vern. For å kunne søke om tilskot må fartøyet stå på verneliste til Riksantikvaren. 

Kontaktpersonar

Anna Eline Eneberg
Rådgivar - museum og kulturarv
71 28 02 94
Send e-post

Dokument

Verna fartøy i Møre og Romsdal 2017
PDF-dokument - 104,13 kB