Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kulturminnedagane 2018

Kulturminnedagene 2018: «Typisk norsk – ikke bare norsk»

For 25 år på rad, marekrast kulturminnedagane i Noreg, mellom den 8 - 16 september. Årets tema vil vere "typisk norsk - men ikkje berre norsk" og alle kan vere med å melde opp sine eigne arrangement. Ein er då også med i trekninga av kulturminnedagsprisen på 30 000,-. Frist for påmelding er 12. august

typisk norsk - ikkje berre norsk

kulturminnedagane

Kva er norsk og korleis har lokalsamfunnet påvirka og blitt påvirka i møte med verden mellom folk og andre kulturar? Her kan ein forme eigne kulturminneprogram knytt til handel, mat, identitet, samferdsel, handverkstradisjonar etc. Berre fantasien sett grenser. Alle som melder inn eit arrangement vil få tilsendt kulturminnedagplakatar. Ein kan også bestille gratis plakatutstilling frå det europeiske kulturarvrådet. For meir informajon gå inne på Kulturarvforbundet sin nettside.

Kulturminnedagane inngår som ein del av Kulturarvåret 2018 som er eit europeisk initiativ frå Eurpoarådet og EU. Målet med kulturarvåret er å feire den mangfaldige europeiske kulturarven, og vise at vi kulturen stadig er i rørsle og at vi delar ei felles historie og identitet.

Sluttrapport for fjorårets kulturminnedagar kan lesast her: Kulturminnedagane 2017

Kontaktpersonar

Arve  Nytun Arve Nytun
Arkeolog/Rådgivar
71 28 03 25 /
Mob. +4795707431
Send e-post