Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kulturminneplan

Kulturminneplan

Målsettinga til Riksantikvaren er at 90 prosent av kommunane i landet skal ha ein kulturminneplan innan 2020, og Møre og Romsdal er på god veg i å bidra at målet blir nådd. 

Målet med å få utarbeidd planar i kvar kommune, er å styrke kompetansen på lokal kulturarv og bidra til at kommunane tar aktivt grep for vern og bruk av kulturminne og kulturmiljø. Med ein kulturminneplan i kommunen vil ein få ein reiskap som gjer forvaltninga meir effektiv og føreseieleg. Område som er registrert som regionalt, nasjonalt eller lokalt viktige kulturminne vil også bli prioritert ved tildelinga av tilskot frå kulturminnefondet og fylkeskommunen. 

Ein kulturminneplan gir oversikt og kunnskap

Ein kulturminneplan er kommunen si oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø i kommunen og inneheld ein plan for forvaltinga av desse.

Kommunane definerer sjølve kva kulturminne som er verneverdige og som skal inngå i deira kulturminneplan.

Gjennom arbeidet med å lage ein kulturminneplan får kommunen sett temaet på den politiske dagsorden og aktualisert kulturarven si rolle i samfunnsutviklinga. Ein kulturminneplan gir kommunen kunnskap om lokalhistoria og prioriterer kulturminna som ein vil ta vare på for framtida.

Bakgrunnen for prosjektet

Det er ei nasjonal målsetting å redusere tapet av verneverdige kulturminne, jf. Nasjonalt miljømål 2.1. For å nå dette målet, må ein ha oversikt over desse kulturminna i kommunen.

St. meld. 35 (2012-2013) Framtid med fotfeste legg vekt på styrking av den kommunale kompetansen på kulturminnefeltet, og på kor viktig det er at kommunane skaffar seg oversikt over verneverdige kulturminne i kommunen gjennom kulturminneplanar.

KIK-prosjektet er ein del av Riksantikvarens satsing for ei kunnskapsbasert, målretta og effektiv kulturminneforvalting.

Dei ferdigstilte og godkjente kulturminneplanane finn ein i margen til høgre.

Naustrekke i Bjørke

Naustrekke i Bjørke @ Møre og Romsdal fyylkeskommune

Kontaktpersonar

Siv Aksdal Siv Aksdal
Rådgivar kulturvern
71 28 03 36
Send e-post
Toril Moltubakk Toril Moltubakk
Rådgivar kulturvern
71 28 03 37
Send e-post

Kulturarv på kart

På GISLINK kan du finne informasjon om freda, verna og verneverdige kulturminne og kulturmiljø i Møre og Romsdal.

Du kan også finne informasjon om gamle stadnamn, verdifulle kulturlandskap og arkeologiske registreringar.

Dokument

Kulturminneplan for Eide
PDF-dokument - 5,62 MB
Kulturminneplan for Sunndal
PDF-dokument - 2,03 MB
Kulturminneplan for Hareid
PDF-dokument - 102,98 MB
Kulturminneplan for Gjemnes
PDF-dokument - 4,20 MB
Kulturminneplan for Giske
PDF-dokument - 390,98 kB
Kulturminneplan for Skodje
PDF-dokument - 3,15 MB
Kulturminneplan for Norddal
PDF-dokument - 3,55 MB
Kulturminneplan for Ørsta
PDF-dokument - 9,80 MB
Kulturminneplan for Aukra
PDF-dokument - 2,56 MB
Kulturminneplan for Sande
PDF-dokument - 51,09 MB