Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Reguleringsplan

Reguleringsplan

Reguleringsplanar blir som regel utarbeidd ved utbyggjingstiltak, men kan også vere eit verkty for å ta vare på kulturminner, kulturmiljøer og landskap. Det finns to typar reguleringsplaner; områderegulering som normalt tek for seg større område, og detaljregulering som normalt omfattar mindre område eller prosjekt. For reguleringsplanar med vesentleg innverknad på miljøet eller avvik frå overordna plan, kan det bli stilt krav om konsekvensutgreiing.

Ein reguleringsplan består av kart med arealformål, omsynssonar og føresegner, og viser korleis eit område kan byggjast ut eller takast vare på.

Verdifulle kulturminne kan bli sikra gjennom bruk av omsynssoner, men også føresegnene er viktige for ei god forvalting av området. Det er difor viktige at dei er presise og konkrete. På denne måten kan ein også sikre interiør. Sjå gode dømer her.

I samband med plan- og utbyggingssaker kan fylkeskommunen krevje arkeologisk registrering. Tiltakshavar har etter kulturminnelovens § 9 plikt til å undersøke om tiltaket vil virke inn på automatisk freda kulturminne. Det vil som regel innebære en synfaring eller registrering av det aktuelle planområdet av arkeolog fra fylkeskommunen. Registreringsarbeidet vil bli varsla ved melding om oppstart.

Erfaringane viser at det kan vere en fordel for kommuner og andre tiltakshavere å kontakte kulturminnevernet i fylkeskommunen så tidlig som mulig i planprosessen. Ved at kulturverninteressene blir premissgivende for arealbruken i det videre planarbeidet og omsynet til kulturminna blir ivareteke gjennom heile prosessen, kan ein lettare finne fram til gode løysingar og unngå forseinkingar. Dersom vernet er uforenleg arealformålet er det også mogleg å søkje dispensasjon frå automatisk fredning gjennom reguleringsplan.
 

Kontaktpersonar

Siv Aksdal Siv Aksdal
Rådgivar kulturvern
71 28 03 36
Send e-post