Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

BARK (Arkeologi)

Bevaringsprogrammet for utvalgte arkeologiske kulturminne og kulturmiljø (BARK)

BARK er eit bevaringsprogram for utvalte arkeologiske kulturminne og kulturmiljø, og skal vere ei tiårig satsing på skjøtsel og tilgjengeliggjering (2010-2020).

Mangfaldet av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø er stort og kulturminna kan gjerast tilgjengeleg på mange ulike måtar, t.d. vegetasjonsskjøtsel og sikring på staden, fysisk tilrettelegging gjennom skilting eller andre ulike formidlingstiltak, og betre tilkomst ved stiar/ramper.

 

Mange kulturminner er ideelle for tilrettelegging i tråd med prinsipp for Universell Utforming, men det er også mange steder der dette ikkje er muleg, ut frå omsynet til det arkeologiske kulturminnet, topografien og omkringliggande landskap. Det er heller ikkje eit mål at alle arkeologiske kulturminne blir tilrettelagt. Mange lokalitetar er sårbare og har best vern gjennom å få liggje i fred.

Kontaktpersonar

Guro Dehli Sanden Guro Dehli Sanden
Arkeolog/Rådgivar
71 28 03 26
Send e-post