Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

BERG (Bergkunst)

Bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG)

I Møre og Romsdal har vi 16 lokalitetar med ulike typer bergkunst frå førhistorisk tid, såsom gropristningar, helleristningar og hellemålingar.  Dominerande er veidekunsten frå steinalder som vi finn i Romsdal og på Nordmøre. Det mest særmerkte vi har er dei mange unike bergmåleria på Hinna og Honnhammarneset på garden Honnhammar i Tingvoll kommune.

Det er eit stort behov for sikring/skjøtsel av bergkunst. I Riksantikvarens bergkunstprosjekt er fylgjande lokalitetar utpeika som satsingsområde for sikring i Møre og Romsdal: jordbruksristningane på Roskard /Seljeset i Herøy og Sande, gropristningane på Veibust, Sula, veideristningane på Søbstadklubben,bergmålingane frå steinalder på Hinna og Honnhammarneset i Tingvoll, Rausandberget  på Averøy og veideristningane/jordbruksristningane på Bogge i Nesset.

Bergkunstprosjektet ender i konkrete skjøtselsplanar  mellom grunneigar, kommune, Møre og Romsdal fylke og det aktuelle landsdelsmuseum (Bergen Museum for Sunnmøre og NTNU Vitenskapsmuseet for Romsdal-Nordmøre).

Møre og Romsdal fylke er i samsvar med delegasjon av forvaltning etter kulturminnelova navet i dette arbeidet.

Kontaktpersonar

Guro Dehli Sanden Guro Dehli Sanden
Arkeolog/Rådgivar
71 28 03 26
Send e-post