Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

SMIL

SMIL (Spesielle miljøtiltak i landbruket)

SMIL-midlar  er retta mot tiltak innanfor landbruket, og tilskot kan gjevast til eigarar eller føretak som driv og/eller eig ein landbrukseigedom, eller til einkvar som er registrert i Enhetsregisteret og som har fått løyve av eigaren til landbrukseigedomen til å gjennomføre eit tiltak.

Formålet er å i vareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere forureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eksempel på tiltak innan kulturlandskap kan vere ivaretaking av biologisk mangfald, gammal kulturmark, kulturminne og kulturmiljø (inkludert freda og verneverdige bygningar). Vidare kan aktuelle tiltak vere tilrettelegging for meir lagleg tilkomst og opplevingar i landskapet.

Den lokale kommunen behandlar og avgjer søknader om tilskot, ut frå overordna planer for prioritering av søknadane (lokale tiltaksstrategiar).

Skjema finn du i margen til høgre. Søknadsfrist bli fastsatt av kommunen lokalt.

Dokument

Søknadsskjema
PDF-dokument - 115,73 kB