Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

ABK

Verdiskapingsprogrammet og piloten Atlanterhavsvegen Bud-Kristiansund (ABK)

Verdiskapingspiloten Atlanterhavsvegen Bud-Kristiansund har vore ein av 12 nasjonale pilotar innanfor Riksantikvaren og Miljøverndepartementet si satsing på kulturminnebasert verdiskaping, frå 2006 og ut 2010.

ABK er no avslutta, men initiativet vert ført vidare i eit nytt prosjekt på 2 år, kalt Prosjekt Kulturminnenæring.

Farstadsanden, Fræna. Foto: Britt V. Tyrholm/Nordic Light

------------------------------------------------------------------

Verdiskapingsprogrammet: Overordna prosjektmål for Verdiskapingsprogrammet er at satsinga skal medvirke til at kulturarven nyttast som ressurs i samfunnsutviklinga. Hovudmålsetting for piloten Atlanterhavsvegen Bud-Kristiansund er å gjere prosjektområdet til det fremste reisemålet i Sør-Noreg med utgangspunkt i levande kystsamfunn, med fokus på

* ei samordna kulturminneforvaltning
* ein sterk lokal identitet
* aktivitet, formidling og tilgjenge
* bærekraftig verdiskaping
* kvalitet i alle ledd 

Dei viktigaste erfaringane frå ABK har vore:

  • Økt lokal og regional fokus på, og bevissthet om, kulturarven som ressurs, både blant lokalbefolkning og innen kulturminneforvaltninga
  • Økt dialog og samarbeid mellom deltakande prosjektaktørar, særlig mellom dei fire prosjektkommunene, og mellom kommunane og fylkeskommunen
  • Etablering av ei rekkje nye samarbeids- og aktørnettverk i området, på tvers av sektorar (offentlig/privat) og nivå.

ABK har jobba med eit bredt definert verdiskapingsbegrep – 4 resultatområdar:

ABK har hatt særleg fokus på verdiskapingsområda sosial, kulturell og miljømessig, men kan også syne til fleire gode resultat innanfor det økonomiske verdiskapingsfeltet. ABK har bevisst vald å ha rolle som inspirator framfor innovatør med omsyn til den økonomiske verdiskapinga. I løpet av prosjektperioden er det lagt et godt grunnlag for vidare næringsutvikling basert på kulturminne og kulturmiljø, mellom anna gjennom leveranse av infrastruktur og nye reiselivsprodukt, særleg knytt til formidling. ABK sin innsats har også hatt ein viktig haldningsskapande effekt i høve til å sjå kulturminne som ressursar framfor herk, både ovanfor det offentlige forvaltningsapparatet, så vel som ovanfor befolkninga generelt. Vi opplever at det å ta vare på og ta i bruk kulturminne og kulturmiljø har fått auka status.


Sluttrapporten for verdiskapingsprogrammet er kommet

Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet som har pågått i perioden 2006-2010, med ABK som den lokale piloten, er ferdigstilt. Sluttrapporten ligg her.

Les meir