Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

"Romas høgder" - av Sissel Stangenes, ein av stipendiatane i 2011

Kunstnarstipend

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser årleg ut kunstnarstipend til profesjonelle kunstnarar. Stipendordninga gjeld alle kunstuttrykk. 

Ine Harrang sin installasjon «Elsewhere Revisited

Visuelle kunstartar: Ine Harrang
Bilete av Ine Harrang sitt siste ferdigstilte prosjekt, «Elsewhere Revisited».

Jan Otto Ertesvåg, animasjon

Film: Jan Otto Ertesvåg fekk stipend i 2014
Bilete som blei utvikla i prosjektperioden v/ Jan Otto Ertesvåg

Søknadsfristen for 2018 er 31.01.

Overordna mål for ordninga er å bidra til å fremme profesjonell kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hjå kunstnarar som bur og arbeider i fylket.

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i sak 18/15 å endre innretninga på stipendtildelinga. Dette betyr at det vil bli tildelt eit stort stipend på 200 000,- som er øyremerka visuelle kunstnarar. Kunstnarar frå alle sjangrar kan søkje på dei øvrige 400 000,-, inkludert visuelle kunstnarar. Her er det høve til å tildele fleire mindre stipend.

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i møte 19. april 2017 nye statuttar for kunstnarstipendet. 

Meir informasjon og søknadsskjema finn ein via denne lenka.

Kontaktpersonar

Ragnhild Holsvik
Seksjonsleiar
71 28 04 79 / Mob. 416 29 185
Send e-post
Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post