Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kunstpolitikk

Kunstpolitikk

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok Møre og Romsdal fylkeskommune sin kunstpolitikk i møte 14.mars.

Kunstpolitikk for Møre og Romsdal omhandlar profesjonelle kunstmiljø, dei profesjonelle kunstnarane og deira publikum. Profesjonell kunst blir her definert som produksjon og formidling av musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst og film. Ein profesjonell kunstnar har kunstutdanning på universitets- og høgskulenivå, eller at ein kan dokumentere tilsvarande kunstfagleg realkompetanse og profesjonell verksemd.

I Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017 – 2020 er det eit mål at «Kunst- og kulturformidling skal vere allsidig, kunnskapsbasert, av høg kvalitet og for alle.»

Kunstpolitikk for Møre og Romsdal skal medverke til at fleire profesjonelle kunstnarar skal bu og leve i Møre og Romsdal. Kunstpolitikk for Møre og Romsdal skal vere retningsgivande for fylkeskommunen sine framtidige økonomiske prioriteringar, kompetanseutviklingsprosjekt, samarbeid og partnarskap. Kunstpolitikken blir fulgt opp i arbeidet med økonomiplan 2019-2022 og budjsett 2019.

Kunstpoltikken er delt inn i tre satningsområder med tiltak. Tiltaka skal bli gjennomført ved fylkeskommunen sine eigne tilskot og tiltak, og gjennom samarbeid med aktuelle institusjonar og partnerar innafor kunstfeltet. Fylkeskommunen vil innrette tilskotsordningar for profesjonell kunst i tråd med regionale behov og i lys av nasjonale og lokale satsingar.

Satsingsområda og tiltaka for kunstpolitikken er: 

1) Produksjon og formidling

  • auke tal produksjonar innan alle kunstfelt
  • etablere nye produksjons- og formidlingslokale for profesjonelle kunstnarar

2) Utdanning, forsking og utvikling (FoU)

  • prioritere nyskapande prosjekt innan alle profesjonelle kunstfelt
  • utvikle gode møteplassar og nettverk for profesjonell kunstnarar
  • bruke eksisterande forsking og resultat av utviklingsarbeid som grunnlag for nye tiltak
  • auke tilboda om kunstfagleg utdanning på alle nivå
  • meir forsking på og kunnskapsproduksjon om kunsten si rolle i samfunnet

 3)   Entreprenørskap og næringsutvikling

  • auke andelen av dei nasjonale verkemidlane og satsingane som blir tildelt kunstaktørar i Møre og Romsdal
  • auke tal på levedyktige verksemder for kunstproduksjon og kunstformidling
  • styrke apparatet mellom den profesjonelle kunstnaren og publikum 

Gjennom desse prioriteringane ønskjer fylkeskommunen å oppnå: 

  • auka produksjon og meir formidling av profesjonell kunst innan alle kunstområda
  • eit styrka kunstmiljø gjennom relevant og høg kompetanse
  • vidare vekst i verdiskapinga knytt til den profesjonelle kunsten

I kunnskapsgrunnlaget som du finn til høgre, ligg det lenker til forskning, utviklingsprosjoekt og planer med meir som er relevant for kunstpolitikken.

Kontaktpersonar

Ragnhild Holsvik Ragnhild Holsvik
Seksjonsleiar
71 28 04 79 /
Mob. 416 29 185
Send e-post
Elin Kanck Lorentzen
Rådgivar
71 28 03 28 /
Mob. 990 27 502
Send e-post

Dokument

Kunstpolitikk for Møre og Romsdal
PDF-dokument - 342,41 kB
Kunnskapsgrunnlag for kunstpolitikken
PDF-dokument - 4,77 MB