Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møremusikarane.no

Møremusikarane

Møremusikarordninga er ei profesjonell musikarordning som skal sikre gode musikktenester til kulturlivet i Møre og Romsdal. Ordninga omfattar mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune sine fast tilsette musikarar og verksemda deira. I tillegg kan fylket på frilansbasis engasjere andre profesjonelle musikarar til oppdrag for kulturlivet i fylket.

Kva kan Møremusikarordninga nyttast til?

Instruksjonsoppdrag, alle typer konsertar, akkompagnering, arrangering og komponering, assistansespill i amatørensembler, medverknad i profesjonelle ensembler, kulturelle innslag ved til dømes kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd med meir.

Kven kan søkje om Møremusikartenester? 

  • Konsertarrangører av alle typer konsertar
  • Lag og organisasjonar 
  • Det frivillige musikklivet som til dømes kor, korps, band og orkester 
  • Det lokale næringslivet 
  • Festivalarrangørar m.f. 

Søknadsskjema og meir informasjon finn de på Møremusikarane sine eigne nettsider: http://www.moremusikarane.no

Fristane for å søkje om Møremusikartenester: 15.februar, 15.mai, 15.september og 15.november.

Du finn meir informasjon om dette på våre nettsider:

http://moremusikarane.no/Moeremusikarane/Soek-musikar/Om-soeknadsprosessen 

 

Kontaktpersonar

Erlend Bilsbak
Prosjektleiar
71 28 02 98 / Mob. 976 86 398
Send e-post
Maria Haukås
Rådgivar
71 28 03 12 / Mob. 900 96 919
Send e-post

Bilde Møremusikarane