Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Kulturtorget er den viktigaste møte- og visningsarena for Kultursekken i Møre og Romsdal (Den kulturelle skolesekken).

Over to innhaldsrike dagar får torgdeltakarane kulturopplevingar innan musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst som er aktuelle for turné i Kultursekken skuleåret 2018-2019. I tillegg blir det gjennomført nettverksmøte for kommunekontakter og kulturkontakter.

Meld deg på innan 15.desember 2017.

Ofte stilte spørsmål:

Opning av Kulturtorget onsdag 24.januar:

Stad: Bjørnsonhuset/ Scandic Seilet
Registrering frå kl 10:00
Opningsforestilling ca kl 10:45 (kan bli endra)
Parkering:

Bruk parkeringstunellen i Molde sentrum, det er særs få parkeringsplassar ved Scandic Seilet.
Klikk her for å opne kart til Molde Parkeringshus (ved Molde Domkirke)
Påmelding er bindande, og faktura for deltakaravgift blir sendt ved avbud.

Morgonfugl-pris (Earlybird) til og med 06.oktober, gjeld deltakaravgifta

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1000,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2000,-
Prisar (med forbehold om evt. endringar):

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1500,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2500,-
Enkeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 960,-
Dobbeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 1160,- pr.pers.
Enkeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 2020,-
Dobbeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 1650,- pr.pers.
Middag 24.januar for dei utan overnatting: 395,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 24.januar: 480,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 25.januar: 430,-
Kulturavdelinga dekkjer utgiftene for dei vidaregåande skulane.


Fylkeskulturkonferansen 2017: integrering og mangfald

Korleis kan kultur og idrett vere ein arena for integrering? Dette var tema på årets fylkeskulturkonferanse. 

Les meir

Partnarskapsforum – God Helse 2017

Tema for årets partnarskapsforum, som blei arrangert den 14. september i Kristiansund kommune, var barn og unge. 

Les meir

15 gode prosjekt har fått tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Til fordeling i 2. halvår mottok fylkeskultursjefen over 40 søknader om prosjekttilskot til frivillig verksemd med ein samla søknadssummen på ca 1,8 mill. kroner.

Les meir

Samling for folkehelsekoordinatorar i Møre og Romsdal

Kommunane sine folkehelsekoordinatorar, representantar frå Møre og Romsdal Idrettskrets, Nordmøre og Romsdal friluftsråd og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, var samla til dagssamling den 13. september i Kristiansund.

Les meir

Bokbåten Epos kjem til ei kai nær deg

I morgon legg Bokbåten Epos legg ut på tur nummer 103 i Møre og Romsdal. Totalt 66 stader får besøk av båten, som er fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar. 

Les meir

Bli med på lokalhistorisk reformasjonsdag i Bud 23. september

Laurdag 23. september blir det seminar og festkveld i Bud. Arrangementet er eit samarbeid mellom Møre bispedøme, Møre og Romsdal fylkeskommune og Bud sokneråd.

Les meir

Fire kreative gründerar får startstipend

Kunstnar Siri Skjerve frå Surnadal, Line Heggem Braute og Gunnar Gjerde (Tind & Tyri Arkitekter AS) frå Molde, gipsmakar og modellør Peder Alme frå Ålesund og Hallstein D. Mala (Ranglefant Film AS) frå Volda får 100 000 kroner kvar i startstipend for å utvikle kreativ verksemd. 

Les meir

Noregs mest profilerte vitskapsformidlar til Molde, Ålesund og Kristiansund

Kan matematikk vere underhaldande og tankevekkande? Ja, på BYSMART-foredrag med Jo Røislien frå NRK.

Les meir

2, 4 millionar i tilskot til kulturbygg

Kultur- og folkehelseutvalet har fordelt over 2, 4 millionar i tilskot til kulturbygg. Summen blir fordelt på tre søknader.

Les meir

Kulturtorget 2018 - påmelding

Kulturtorget blir arrangert 24.-25.januar 2018.

Les meir

Kontaktpersonar

Dagfinn Grønvik
IT-rådgivar
71 25 87 03
Send e-post