Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Kulturtorget er den viktigaste møte- og visningsarena for Kultursekken i Møre og Romsdal (Den kulturelle skolesekken).

Over to innhaldsrike dagar får torgdeltakarane kulturopplevingar innan musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst som er aktuelle for turné i Kultursekken skuleåret 2018-2019. I tillegg blir det gjennomført nettverksmøte for kommunekontakter og kulturkontakter.

Meld deg på innan 15.desember 2017.

Ofte stilte spørsmål:

Opning av Kulturtorget onsdag 24.januar:

Stad: Bjørnsonhuset/ Scandic Seilet
Registrering frå kl 10:00
Opningsforestilling ca kl 10:45 (kan bli endra)
Parkering:

Bruk parkeringstunellen i Molde sentrum, det er særs få parkeringsplassar ved Scandic Seilet.
Klikk her for å opne kart til Molde Parkeringshus (ved Molde Domkirke)
Påmelding er bindande, og faktura for deltakaravgift blir sendt ved avbud.

Morgonfugl-pris (Earlybird) til og med 06.oktober, gjeld deltakaravgifta

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1000,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2000,-
Prisar (med forbehold om evt. endringar):

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1500,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2500,-
Enkeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 960,-
Dobbeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 1160,- pr.pers.
Enkeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 2020,-
Dobbeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 1650,- pr.pers.
Middag 24.januar for dei utan overnatting: 395,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 24.januar: 480,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 25.januar: 430,-
Kulturavdelinga dekkjer utgiftene for dei vidaregåande skulane.


Har fordelt ein halv million i driftstilskot

Fylkeskultursjefen har fordelt 512 000 kroner til 1-årig driftstilskot for 2017. Driftstilskot gjeld mindre regionale frivillige organisasjonar, eller organisasjonar som har eit større regionalt nedslagsfelt.

Les meir

Nye retningslinjer for Fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal

Fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal skal delast ut for 44. gong i 2017. Prisen vart etablert i 1973, og innretninga og vilkår har vore dei same i alle år.  

Les meir

Få mentorhjelp til å utvikle bedrifta di

Driv du innan kreative næringar? No kan du søke om mentorhjelp og få kurs i forretningsutvikling.

Les meir

Utstilling sett søkelys på plastforsøpling

I sommar kan du besøke fleire av biblioteka på Sunnmøre og få med deg utstillinga om marin plastforsøpling. –Utover våren og sommaren skal utstillinga ha vore innom dei fleste av folkebiblioteka på Sunnmøre og nokre bibliotek ved dei vidaregåande skolane, seier fylkesbiblioteksjef Annette Koch frå fylkeskommunen. 

Les meir

75 millionar til idrettsanlegg i Møre og Romsdal

7. juni skal kultur- og folkehelseutvalet tildele spelemidlar på nærare 75 millionar kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal. Det er ei auke på om lag 5 millionar kroner frå 2016, og den høgste summen utvalet nokon gong har fordelt.

Les meir

Utkast til museumsplan på høyring

Fylkesutvalet vedtok i sak U-44/17  29.05.2017 å leggje planutkastet for regional delplan for museum 2017−2027 på høyring og offentleg ettersyn.

Høyringsfristen er 20. august 2017. 

Les meir

Ny høyring - freding av Sjøholt hotell

Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår å frede Sjøholt hotell og tilgrensande område i Ørskog kommune.

Les meir

Presentasjonar frå landskonferansen for fylkeskommunale eldreråd 2017

Møre og Romsdal fylkeseldreråd var arrangør for årets landskonferanse for fylkeskommunale eldreråd. Konferansen fant stad i Ålesund 22.-24.mai 2017.

Les meir

Snart klart for Sommarles

Bli med på Noregs kulaste lesekampanje! Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse, som varer frå 1.juni til 31. august, fortel Annette Elin Koch ved fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal.

Les meir

Korleis er det å bli eldre i Norge?

Korleis er det å bli eldre i Noreg i dag, og korleis vil det vere dei neste 20 åra? Dette er tema på  landskonferansen for fylkeskommunale eldreråd, der Møre og Romsdal fylkeskommune ved fylkeseldrerådet er arrangør.  

Les meir

Kontaktpersonar

Dagfinn Grønvik
IT-rådgivar
71 25 87 03
Send e-post