Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Kulturtorget er den viktigaste møte- og visningsarena for Kultursekken i Møre og Romsdal (Den kulturelle skolesekken).

Over to innhaldsrike dagar får torgdeltakarane kulturopplevingar innan musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst som er aktuelle for turné i Kultursekken skuleåret 2018-2019. I tillegg blir det gjennomført nettverksmøte for kommunekontakter og kulturkontakter.

Meld deg på innan 15.desember 2017.

Ofte stilte spørsmål:

Opning av Kulturtorget onsdag 24.januar:

Stad: Bjørnsonhuset/ Scandic Seilet
Registrering frå kl 10:00
Opningsforestilling ca kl 10:45 (kan bli endra)
Parkering:

Bruk parkeringstunellen i Molde sentrum, det er særs få parkeringsplassar ved Scandic Seilet.
Klikk her for å opne kart til Molde Parkeringshus (ved Molde Domkirke)
Påmelding er bindande, og faktura for deltakaravgift blir sendt ved avbud.

Morgonfugl-pris (Earlybird) til og med 06.oktober, gjeld deltakaravgifta

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1000,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2000,-
Prisar (med forbehold om evt. endringar):

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1500,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2500,-
Enkeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 960,-
Dobbeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 1160,- pr.pers.
Enkeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 2020,-
Dobbeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 1650,- pr.pers.
Middag 24.januar for dei utan overnatting: 395,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 24.januar: 480,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 25.januar: 430,-
Kulturavdelinga dekkjer utgiftene for dei vidaregåande skulane.


Oppfordrar kunstnarar til å søke stipend

Er du profesjonell kunstnar busett i Møre og Romsdal? Då kan du søke kunstnarstipend. Søknadsfristen er 31. januar 2018.

Les meir

Ny høyring - freding av Mellemværftet

Møre og Romsdal fylkeskommune foreslår å frede Mellemværftet og tilgrensande område i Kristiansund kommune. 

Les meir

Sopranen Beate Mordal song då Nobels fredspris vart delt ut i Oslo rådhus

Ei stor oppleving for Beate Mordal, som også er Møremusikar. Ho hadde med seg Håvard Gimse på flygel. Millionar av menneske verda rundt kunne følgje sendinga.

Les meir

Desembersamling for folkehelsekoordinatorar i Møre og Romsdal

Kommunane sine folkehelsekoordinatorar, representantar frå Møre og Romsdal Idrettskrets, Nordmøre og Romsdal friluftsråd og Sunnmøre friluftsråd var samla til dagssamling i Molde den 6. desember.

Les meir

Nye søknadsfristar for Møremusikarane

Frå 1.januar 2018 blir det faste fristar for å søkje om Møremusikartenester: 15.februar, 15.mai, 15.september og 15.november. 

I overgangsperioden er søknadsfristen 31.desember 2017 for arrangement som skal skje mellom 1.januar-8.mars 2018.

Les meir

Gir friske midlar til biblioteka

Fylkeskommunen og Nasjonalbiblioteket løyver til saman 1,2 millionar kroner til aktivitetar i biblioteka i fylket.

Les meir

Fleire godkjente kulturminneplanar

Gjennom prosessen med å lage kulturminneplanar, vert kommunane betre kjente med sine eigne kulturminne. Dette fører igjen til ei auka interesse, samt at kommunane er betre budd til å ta vare på kulturminna sine på sikt.

Les meir

50 000 kroner i støtte til «Gullvogna»

Gullvogna er eit minnesmerke om gulltransporten under krigen.

Les meir

100 000 til Regional cup i klatring

Romsdal Tindegruppe (RTG) skal arrangere fem regionale klatre-cupar frå oktober 2017 til mai 2018. Barn, ungdom og voksne kan delta på desse konkurransene, som foregår på ulike stader i fylket kor det er klatrevegg. Fylkeskommunen har gjeve 100 000 kroner i prosjektilskott.

Les meir

Gir skriveglad ungdom ein arena

Nytt prosjekt gir unge moglegheit til å hente inspirasjon og veiledning frå profesjonelle forfattarar.

Les meir

Kontaktpersonar

Dagfinn Grønvik
IT-rådgivar
71 25 87 03
Send e-post