Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Kulturtorget er den viktigaste møte- og visningsarena for Kultursekken i Møre og Romsdal (Den kulturelle skolesekken).

Over to innhaldsrike dagar får torgdeltakarane kulturopplevingar innan musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst som er aktuelle for turné i Kultursekken skuleåret 2018-2019. I tillegg blir det gjennomført nettverksmøte for kommunekontakter og kulturkontakter.

Meld deg på innan 15.desember 2017.

Ofte stilte spørsmål:

Opning av Kulturtorget onsdag 24.januar:

Stad: Bjørnsonhuset/ Scandic Seilet
Registrering frå kl 10:00
Opningsforestilling ca kl 10:45 (kan bli endra)
Parkering:

Bruk parkeringstunellen i Molde sentrum, det er særs få parkeringsplassar ved Scandic Seilet.
Klikk her for å opne kart til Molde Parkeringshus (ved Molde Domkirke)
Påmelding er bindande, og faktura for deltakaravgift blir sendt ved avbud.

Morgonfugl-pris (Earlybird) til og med 06.oktober, gjeld deltakaravgifta

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1000,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2000,-
Prisar (med forbehold om evt. endringar):

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1500,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2500,-
Enkeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 960,-
Dobbeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 1160,- pr.pers.
Enkeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 2020,-
Dobbeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 1650,- pr.pers.
Middag 24.januar for dei utan overnatting: 395,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 24.januar: 480,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 25.januar: 430,-
Kulturavdelinga dekkjer utgiftene for dei vidaregåande skulane.


Kulturindeks 2016 Møre og Romsdal

Norsk kulturindeks er ei årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar, regionar og fylke. Indeksen er basert på registerdata frå ei rekkje offentlege etatar, interesseorganisasjonar og foreiningar.

Les meir

Sommarljom 2018 har fått støtte

Sommarljom er ein firedagars festival i Ørsta og Volda. Den presenterer ei stor breidde av sjangrar, der fellesnemnaren er det akustiske og den intime presentasjonen i små lokale. Fylkeskommunen har gjeve 40 000 i støtte til festivalen. 

Les meir

Deler ut 1 million til eldre fartøy

15. oktober er det søknadsfrist for listeførte fartøy, som er verna av Riksantikvaren, til å søke om tilskot. Til saman deler fylkeskommunen og Riksantikvaren ut 1 000 000 kroner.

Les meir

Sju talent mottok stipend

Under årets Fylkeskulturkonferanse sist veke, vart det delt ut tre idrettsstipend og fire kreative stipend. 

Les meir

Fylkeskulturkonferansen 2017: integrering og mangfald

Korleis kan kultur og idrett vere ein arena for integrering? Dette var tema på årets fylkeskulturkonferanse. 

Les meir

Partnarskapsforum – God Helse 2017

Tema for årets partnarskapsforum, som blei arrangert den 14. september i Kristiansund kommune, var barn og unge. 

Les meir

15 gode prosjekt har fått tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Til fordeling i 2. halvår mottok fylkeskultursjefen over 40 søknader om prosjekttilskot til frivillig verksemd med ein samla søknadssummen på ca 1,8 mill. kroner.

Les meir

Samling for folkehelsekoordinatorar i Møre og Romsdal

Kommunane sine folkehelsekoordinatorar, representantar frå Møre og Romsdal Idrettskrets, Nordmøre og Romsdal friluftsråd og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, var samla til dagssamling den 13. september i Kristiansund.

Les meir

Bokbåten Epos kjem til ei kai nær deg

I morgon legg Bokbåten Epos legg ut på tur nummer 103 i Møre og Romsdal. Totalt 66 stader får besøk av båten, som er fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar. 

Les meir

Bli med på lokalhistorisk reformasjonsdag i Bud 23. september

Laurdag 23. september blir det seminar og festkveld i Bud. Arrangementet er eit samarbeid mellom Møre bispedøme, Møre og Romsdal fylkeskommune og Bud sokneråd.

Les meir

Kontaktpersonar

Dagfinn Grønvik
IT-rådgivar
71 25 87 03
Send e-post